Utforsk kols
Kva er hovudoppgåva til lungene?
Kva endringar skjer i lungene ved kols? Teikn og forklar.
Kols kan føre til respirasjonssvikt og kronisk respirasjonssvikt.
Forklar omgrepa respirasjonssvikt og kronisk respirasjonssvikt.
Kva behandling kan personar med respirasjonssvikt få?
Kva står forkortinga kols for?
Kva betyr obstruktiv?
Kvifor får nokon menneske kols?
Kva er symptoma på kols?
Kva er symptoma på kolsforverring?
Kols kan auke risikoen for andre sjukdommar, kva for nokre?
Kven kan få oksygenbehandling heime?
Kvifor blir det tilrådd at personar med kols tek influensavaksine, vaksine mot lungebetennelse og vaksine mot covid-19?
Kva hjelpemiddel finst for slimmobilisering?
Øv på å rettleie andre i ulike puste- og hosteteknikkar. Tenk over korleis du kommuniserer, slik at du motivere til sjølvhjelp.
Last ned appen Pust deg bedre eller søk på internett etter puste- og hosteteknikkar ved kols.
Gå saman to og to, og forklar og motiver den andre til å gjennomføre
kvilepust
leppepust
djupt innpust
lange støyt og korte støyt
hoste for å fjerne slim
Å leve med kols kan opplevast som å puste gjennom eit sugerøyr. Prøv å pust gjennom eit sugerøyr i ulike situasjonar og opplev korleis det kjennes ut.
Pust gjennom sugerøyr når du
sit roleg
går i roleg tempo
går i raskt tempo
går opp ei trapp
joggar ein runde rundt skulen
Beskriv opplevinga di. Korleis trur du det er for ein person med kols å gjennomføre daglege aktivitetar?
Å vere pårørande til kolspasientar kan vere slitsamt, då mange kolspasientar får akutte pusteproblem og angst. Korleis vil du hjelpe og støtte ein pårørande til ein person med kols?
For personar som har kols, er det òg ein fordel å vere fysisk aktive. Det er betre med litt trening enn ingenting! Samarbeid gjerne med kroppsøving om denne oppgåva.
Lag ein informasjonsbrosjyre med overskrifta "Kols og trening". Brosjyren skal innehalde
informasjon om fordelane ved å trene når du har kols
enkle treningstips for uthaldstrening, styrketrening og rørsletrening for personar med kols
Lag eit treningsopplegg for ein person med kols. Treningsopplegget skal innehalde øvingar i uthaldstrening, styrketrening og rørsletrening. Bruk gjerne øvingar som kan gjennomførast i kvardagen utan treningsapparat.
Gjennomfør treningsopplegget og lag ein instruksjonsfilm. Vis gjerne filmen for klassen. Klassen gir tilbakemeldingar med to ting som var bra, og ein ting som kan forbetrast.