Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Få kontroll på persondataa dine

Du har ofte avgrensa moglegheiter til å handtere persondataa dine i den digitale marknaden. Men du kjem langt med større medvit om kva data som blir samla om deg og om bruksvilkåra du aksepterer i digitale tenester du bruker.
Logoen til snapchat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva har du gitt av samtykke om persondataa dine?

Det kan vere vanskeleg å forstå brukarvilkåra i digitale tenester. Dessutan kan du få dårlegare tenester eller bli forhindra frå å bruke tenester om du ikkje samtykkjer til bruk av persondataa dine.

Gå til den nettstaden du bruker aller mest og sjekk brukarvilkår og personvernerklæringa du har samtykt til.

  1. Kva for personopplysningar har du skrive inn i brukarprofilen din?
  2. Kva for opplysningar om deg har du gitt tillating til at internettaktørane kan selje vidare om deg?
  3. Har du moglegheit til å endre på noko? Kva skjer om du ikkje gir samtykke til denne bruken? Er tenesta då endra? Kva synest du om dette?
  4. Kva slags data legg du frå deg når du spelar spel eller er aktiv på den sosiale mediekanalen du bruker?

Gode råd

  • Les brukarvilkår og tenk over kva for informasjon du legg igjen – når du opprettar brukarkontoar, vel tenester, surfar, skriv og lastar opp ting på nettet.
  • Diskuter digitale produkt og tenester med vener og familie.
CC BY-SASkrive av Ardis Storm-Mathisen.
Sist fagleg oppdatert 20.09.2019

Læringsressursar

Personvern