Hopp til innhald

Fagstoff

Sensitive personopplysningar

Personopplysningar blir kategoriserte i sensitive og ikkje-sensitive personopplysningar.
Hand som låser opp ein straum av virtuelle data på ein skjerm. Illustrasjon.

Kva blir meint med personopplysningar?

Alle opplysningar som blir knytte til deg som person, er ei personopplysning. Namn, adresse og personnummer er vanlege personopplysningar.

Personopplysningar som namn, fødsels- og personnummer blir mellom anna brukte i samband med:

  • registrering som elev på skular, og på vitnemål
  • lånepapir i finansinstitusjonar
  • forsikringspapir
  • medisinske journalar
  • arbeidskontraktar og personalmapper
  • ulike juridiske dokument
  • skattemelding
  • kontraktar med treningssenter og idrettslag
  • registrering i frivillige organisasjonar

Andre former for personopplysning kan vere bilete eller filmar frå overvakingskamera på privat eller offentleg grunn, der personane kan identifiserast, eller registrering av køyretøy og rørsler der ein ser på om køyretøyet er registrert på éin person, og ikkje er ein firmabil med fleire brukarar. Lydopptak kan òg reknast som ei personopplysning dersom personane kan identifiserast.

Sensitive personopplysningar

Informasjon om noverande helsetilstand eller helsehistorikk, eventuell kriminell fortid og politisk, filosofisk eller religiøs oppfatning blir rekna som sensitive personopplysningar. Vidare er opplysningar om etnisitet, seksuell identitet og medlemskap i fagforeining òg sensitiv informasjon. Det er dessutan viktig å vite at genetiske opplysningar, ogbiometri der formålet er å identifisere ein person, blir rekna som sensitive opplysningar. Ein skal ha særlege grunnar til å ta i bruk denne typen opplysningar.

Overvaking og sporing av personar

Opplysningar om åtferdsmønster er òg ei form for personopplysning. Vi blir overvakte i fleire samanhengar på offentlege stader, som til dømes i undergangar og på togstasjonar. Private institusjonar som bankar og kjøpesenter har òg overvaking på områda sine. I tillegg legg vi igjen digitale spor. Ei IP-adresse, aktivitet på sosiale medium, kva seriar du strøymer – alt dette kan vere ei personopplysning dersom det kan knytast til ein bestemd person. Personvern kan vere utfordrande, nettopp fordi vi legg igjen så mange spor heile tida utan at vi er klare over det.

CC BY-SASkrive av Pål-André Hansen. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 19.02.2021

Læringsressursar

Personvern