Personvern på arbeidsplassen
Kameraovervaking av personar som kan identifiserast, er lovregulert. Hovudregelen er at kameraovervaking er ulovleg om det ikkje er nødvendig. Kameraovervaking skal normalt ikkje skje dersom problemet kan løysast eller risikoen minimerast gjennom alternative tiltak.
Datatilsynet har laga ei sjekkliste for kameraovervaking:
For å kunne overvake ein arbeidsplass med kamera må arbeidsgivaren dokumentere eit særskilt behov. Det kan for eksempel vere
- sikring av liv og helse dersom det eksisterer ein særskild risiko som kan skape fare for den enkelte
- førebygging av kriminalitet, for eksempel i område med stor fare for ran (bankar, postkontor), eller for å hindre tjuveri og hærverk
Kontroll og overvaking i arbeidslivet reiser to hovudproblem:
- Kor langt skal ein arbeidsgivar kunne gå i å kontrollere dei tilsette?
- Korleis skal vi handsame den informasjonen vi får gjennom kontrolltiltaka?
Vi kan oppleve ransaking, kroppsvisitering og videoovervaking i arbeidssituasjonar, overvaking i bruk av telefon, e-post og Internett, bruk av GPS til å fastslå posisjonar, sporing gjennom mobiltelefonen. Såkalla flåtestyring gir informasjon om kvar tilsette, firmabilar og varer er til kvar ei tid.
I ein Fafo-undersøking svarar heile 38 % at dei har liten eller ingen kjennskap til kva slags reglar som gjeld for kontroll og overvaking. Det er eit stort behov for kunnskap om personvern, kontroll og overvaking på arbeidsplassen.
LO meiner at omfanget av kontroll og overvaking i arbeidslivet har auka dei siste åra, i takt med utviklinga av ny teknologi, og kan kome i konflikt med retten vår til personvern.
Tenk over
Er det kameraovervaking i dei områda du dagleg er i – på skulevegen, i butikkar, uteområde, buss, tog osv.?
Kva er formålet med å overvake desse stadene?
Kva synest du om det?
Lovreglane om kameraovervaking, sjå personopplysningslova kapittel 7.
Særlege reglar om kameraovervaking, sjå personopplysningsforskrifta kapittel 8.
Relatert innhald
Oppgåva set søkjelyset på kontroll og overvaking på arbeidsplassen, kva konsekvensar det kan få, og kva for lover og reglar som gjeld.