Oppgåve
Overvaking på arbeidsplassen
Oppgåva set søkjelyset på kontroll og overvaking på arbeidsplassen, kva konsekvensar det kan få, og kva for lover og reglar som gjeld.
- Ta utgangspunkt i sjekklista frå Datatilsynet for kameraovervaking som de finn i fagteksten Personvern på arbeidsplassen. Drøft situasjonen på ein arbeidsplass de kjenner til, eller på skulen.
- Når vi snakkar om kameraovervaking, så seier vi gjerne at det blir stilt krav om naudsyn. Kva inneber dette?
- Vi seier ofte at det er krav om føremålsavgrensing, naudsyn og interesseovervekt. Kva meiner vi med desse tinga?
- Kor langt skal ein arbeidsgivar kunne gå i å kontrollere dei tilsette?
De finn meir informasjon i lovreglane om kameraovervaking i personopplysningslova, kapittel 8.
Drøft oppgåva i grupper og/eller i klassa.
Relatert innhald
Fagstoff
Personvern på arbeidsplassenHer set vi søkjelyset på kontroll og overvaking på arbeidsplassen, kva konsekvensar det kan få, og kva for lover og reglar som gjeld.