Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Diskuter kameraovervaking på skulen

Bruk av kameraovervaking på skular er eit omdiskutert tema. Det er omsynet til personvern som gjer kameraovervaking problematisk. I denne oppgåva skal klassen vege for og imot kameraovervaking på skulen dykkar, ved å sjå på behovet for tryggleik opp mot personvernomsyn.
Ulike hender rundt eit bord med eit teikna nøkkelsymbol i midten. Foto.

Ein skule som er mykje utsett for hærverk, tjuveri eller andre problem, vil ønskje å setje inn sikringstiltak som både kan førebyggje uønskte hendingar og bidra til å oppklare dei.

Tenk dykk at skulen de går på, vurderer å setje inn kameraovervaking som eit førebyggjande tiltak etter gjentekne episodar med hærverk. Skulen ønskjer å overvake skuleområdet ved inngangane utandørs og fellesområda innandørs. Elevrådet skal diskutere saka på sitt neste møte og treng innspel frå klassane.

Lenkjer til datatilsynet.no – aktuelt om kameraovervaking i skulen

Datatilsynet skal kontrollere kameraovervåking ved en rekke skoler

Hvor er kameraovervåking lov?

Oppgåve:

  • Halvparten av klassen skal vere for og halvparten mot kameraovervakinga. Læraren kan velje kven som skal vere for og kven som skal vere mot.

  • Klassen blir delt inn i mindre grupper. Gruppene bruker eit felles dokument i OneNote, Word Online, Google Docs eller anna samarbeidsverktøy for å lage eit felles innlegg.

  • Les dei lenkja tekstane på datatilsynet.no (sjå tekstboksen), og set dykk inn i regelverket. Søk gjerne inspirasjon frå andre artiklar på nettet. Bli samde om argument som støttar standpunktet dykkar. Kvar gruppe skriv eit forslag til innlegg til elevrådet.

  • Køyr debatt. Gruppene framfører innlegga sine med argument, og læraren er debattleiar. Sørg for å bruke saklege argument, og sjå om de kan overtyde den andre sida.

Forslag for å variere oppgåva:
  • Set opp eit panel med to representantar frå kvar side. Desse skal fungere som elevrådet, som skal bli overtydd om eitt felles standpunkt.

  • Lag ei felles digital notatblokk, der innlegga frå gruppene blir posta som debattinnlegg. Alle gruppene bør komme med minst eitt tilsvar til ei anna gruppe.

CC BY-SASkrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 05.10.2022

Læringsressursar

Personvern