Instruksar for behandling av personopplysningar
Tenk deg at kontoret du jobbar på, har ganske slappe rutinar for behandling av opplysningar om dei tilsette. Informasjon om sjukmeldingar har vorte funne på post-it-lappar, og personalskjema med sensitive opplysningar har vorte lagde ved sida av makuleringsmaskina.
Andre døme på uheldige rutinar kan vere at tilsette set ting til utskrift eller kopiering, og så forlèt skrivaren mens dei løyser andre oppgåver. Det kan òg hende at tilsette blir bedne om å stadfeste eller dele opplysningane sine på e-post internt i bedrifta.
No ønskjer leiinga at det blir fastsett felles rutinar for korleis personopplysningar skal behandlast. Du blir derfor beden om å gjere ei risikovurdering og lage ein felles instruks.
Gjennomfør ei risikovurdering med forslag til tiltak.
Lag ein instruks for oppbevaring og sikring av personalopplysninger.
Leiaren din har saman med kunden gjennomført ein områdekontroll på objektet der du jobbar som vektar. Fleire av kameraa har feil eller mangelfull skilting. Til dømes har nye kamera no òg lydopptakfunksjon, men dei har ikkje fått oppdaterte skilt som opplyser om dette.
Etter fleire episodar med forsvunne utstyr har kunden òg spurt om vaktselskapet kan ta på seg kameraovervaking av tilsette i bedrifta. Leiaren ber deg undersøkje kva reglar som gjeld for overvaking av tilsette, og kva moglegheiter som finst for å la kunden sjå gjennom opptaka jamleg for å sjå etter avvik. Kunden spør om vaktselskapet kan ta seg av dette.
Lag ein instruks for internkontroll av kameraovervakinga, under dette skiltinga.
Svar på spørsmålet om intern kameraovervaking av tilsette, med tilvising til regelverk.