Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver om behandling av personopplysningar

Alle som skal behandle personopplysningar, har eit ansvar for å kjenne til lovverket. Her er nokre enkle spørsmål som kan hjelpe deg eit stykke på vegen.
Tredelt bilete av ein bokstabel, ein bygning og ei vektskål. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi tilrår at du les desse artiklane før du startar med oppgåvene:

Oppgåver

  1. Kva opplysningar er rekna som personopplysningar?

  2. Kva opplysningar er rekna som sensitive personopplysningar?

  3. Nemn ti jobbsituasjonar der du tenkjer det er naturleg at ein tilsett behandlar personopplysningar.

  4. Lag fire døme på situasjonar der ein databehandlaravtale er naudsynt.

  5. Er du databehandlar dersom du berre behandlar personopplysningar for andre tilsette i den same bedrifta som du sjølv jobbar i? Grunngi svaret ditt.

  6. Kva bør du gjere som databehandlar dersom du føler at oppgåva du er sett til av den behandlingsansvarlege, bryt lova eller er på kanten av kva lova tillèt?

Caseoppgåver (ekstra)

  1. Du er vald inn i styret for ei foreining som driftar eit makerspace, ein skaparverkstad. De har rundt femti betalande medlemmer og eit lokale som er ope to dagar i veka. Utanom opningstida kan betalande medlemmer låse seg inn med nøkkelkort. Kva personopplysningar er det naudsynt at foreininga har om medlemmene sine?

  2. Når nokon melder seg inn i foreininga, gir dei ein del personopplysningar. Desse må foreininga lagre på ein trygg måte. Korleis kan opplysningane lagrast sikkert?

  3. I registeret i foreininga over medlemmer er det ei oversikt over både eksisterande og tidlegare medlemmer. Er dette eit problem? Grunngi svaret ditt.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2021

Læringsressursar

Personvern