Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Digital Pride – oppgåve til podkast

Lytt til podkasten med dagleg leiar i Oslo Pride, Monica Aasen, i samtale med programleiar Sarah Natasha Melbye. Ta notat undervegs og ha ein felles refleksjon og diskusjon i klassen etterpå.
Ei rekkje regnbogeflagg under Oslo Pride Parade i 2018. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Mann med briller held eit ark med teksten "Serviceyrka". Fargerike smilefjes omringar hovudet til mannen.
Serviceyrka

Digital Pride

Podkasten Digital Pride handlar om korleis det tradisjonelle Pride-opptoget blei gjennomført som eit digitalt arrangement i 2020. Dette var første gongen organisasjonskomiteen laga eit stort digitalt ...

0:00
-0:00

Lytt til podkasten og ta notat. Bruk gjerne notatverktøyet nedanfor.

Felles refleksjon i klassen

Korleis gjekk planlegginga føre seg og gjennomføringa av Digital Pride i 2020?

Drøft fordelar og ulemper med å gjennomføre Oslo Pride som eit digitalt arrangement òg når vi ikkje har pandemi.

Gi ei oppsummering av nokre av utfordringane og usikkerheitsmomenta knytt til gjennomføring av Digital Pride 2020.

På kva måtar skil tryggingsutfordringane for digital gjennomføring av Oslo Pride 2020 seg frå ei fysisk gjennomføring av arrangementet?

Digital Pride vart eit vellykka arrangement. Kva trur de var viktige suksessfaktorar?


CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 15.11.2021

Læringsressursar

Arrangementssikkerheit