Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

De har ansvaret for sikkerheita!

Det skal vere eit stort innovasjonsseminar på skulen din. De har eit spennande program der både elevar, lokalpolitikarar og ordførar skal delta. Det kan bli nokre utfordringar med parkering og talet på menneske samla på éin stad. Korleis skal de vareta sikkerheita for arrangementet?
Ung mann held innlegg i eit auditorium med mange tilhøyrarar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Ta utgangspunkt i at seminaret skal gå føre seg på dykkar eigen skule.

  1. Bruk litt tid på å leggje eigne føresetnader til grunn for storleiken på arrangementet. Det er eit avgrensa tal på parkeringsplassar, og det er berre inviterte gjestar som får kome. Nokre politikarar er redde for at det skal bli demonstrasjonar.

  2. Lag ein risikoanalyse.

  3. Beskriv korleis de vil løyse utfordringane med parkering og inngangskontroll.

  4. Lag ein plan for evakuering.


Relatert innhald

I ein risikoanalyse kartlegg bedrifta ulike uønskte hendingar som kan inntreffe.

I samband med arrangement er det viktig at sikkerheita blir vareteken på ein god måte.

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2022

Læringsressursar

Arrangementssikkerheit