Hopp til innhald

Fagstoff

Planlegging av arrangementssikkerheit

Arrangement skal vareta både trivsel og tryggleik for gjestane. I planlegginga av arrangementssikkerheit er det viktig å setje seg inn i arrangementstype og publikumsrørsler. Eit enkelt planverktøy kan vere til god hjelp.
Foto av publikumsmengda på Operataket i Oslo under ein Justin Bieber-konsert i 2012.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sikkerheita er ein del av opplevinga

For at gjestane skal få ei god arrangementsoppleving, er det viktig at sikkerheita er vareteken. Tiltak som betrar sikkerheita, blir ofte òg opplevde som god service. Til dømes vil det å avgrense ventetida i ulike køar vere både eit sikkerheitstiltak og eit servicetiltak.

For å forstå risikoen må du først forstå arrangementet

Skal du arrangere ein stor konsert eller ein firmatur? Det er viktig at du forstår arrangementet, slik at du kan danne deg eit inntrykk av kva publikum som kjem. Består publikum av menneske som ofte deltek på arrangement? Kva forventningar har dei til gjennomføringa? Kva risikofaktorar fører dei med seg?

Det er fullt mogleg å gjennomføre eit sikkert arrangement på Operataket, sjølv om det fort kan bli kaos når ein set opp ein gratiskonsert med Justin Bieber. For å få eit rett bilete av risikoen arrangementet medfører, må vi vite kva publikum vi tiltrekkjer oss.

Gjer deg kjend med publikumsrørslene

Lite plass kan by på store problem. Når programmet for arrangementet er sett, kan du begynne å kartleggje korleis folk kjem til å bevege seg undervegs. Før og etter eit innslag vil det til dømes vere stor belastning ved inn- og utgangar, og då kan desse bli risikopunkt.

Ha forståelege planar og støtteverktøy

Sørg for at tiltaksplanar er forståelege for dei som skal gjennomføre tiltaka. Lag gode støtteverktøy, bruk enkle malar. Hald det kort og ha klart for deg kven du lagar planane for.

Det er ei utfordring å gjere om mange planar og analysar til noko personalet kan bruke i praksis. Enkle planar med gode og oversiktlege spørsmål er å føretrekkje framfor avanserte planar som ingen forstår.

Her er eit døme på kor enkelt eit planleggingsdokument kan setjast opp:

Planleggingsdokument

Kva kan skje?

Kva gjer vi for å unngå at det skjer?

Kva gjer vi om det likevel skjer?

*
*

Relatert innhald

I samband med arrangement er det viktig at sikkerheita blir vareteken på ein god måte.

CC BY-SASkrive av Jørgen Aass.
Sist fagleg oppdatert 09.02.2022

Læringsressursar

Arrangementssikkerheit