Hopp til innhald
Oppgåve

Tryggleik for ein julemarknad

Ungdomsbedrifta Kokosnøtt kafé skal arrangere julemarknad for elevar og andre besøkjande. Du skal hjelpe dei med å planleggje tryggingstiltak i samband med arrangementet.

Plan for arrangementet

Ungdomsbedrifta Kokosnøtt kafé planlegg julemarknad, og arrangementet skal passe for heile familien. Ved å dekorere kafeen og uteområdet håpar dei å skape ei hyggjeleg stemning, slik at mange ønskjer å komme. På julemarknaden har dei som mål å få selt eigenproduserte sesongvarer og julebakst.

Dei vil òg arrangere aktivitetar som er enkle å gjennomføre utan for store investeringar.

aktivitetar PÅ julemarknadEN

Innandørs

Utandørs

Kafédrift og sal av varerNissesekkeløp
PeparkakelandsbyJulegrantenning
Mini-juleverkstadLeikeområde for dei minste
RebusløpRebusløp

Risikovurdering

Når vi skal gjennomføre ei risikovurdering, må vi vurdere kva for nokre uønskte hendingar som kan skje. I denne vurderinga kan det vere lurt å sjå på historikk: Har det tidlegare oppstått hendingar som det er sannsynleg at kan skje igjen? Kva for andre uønskte hendingar kan hende?

Etter å ha kartlagt moglege uønskte hendingar, må vi vurdere korleis vi best forhindrar at slike hendingar hender. Vi må òg setje opp tiltak for kva som skal gjerast om uønskte hendingar likevel hender.

I gjennomføringa av ei risikovurdering kan det vere nyttig å bruke ein enkel mal som støtteverktøy – til dømes denne:

Risikovurdering

Kva kan skje?

Kva kan vi gjere for å forhindre at det skjer?

Kva gjer vi viss det likevel skjer?

*

Oppgåve

  1. Lag ei risikovurdering for julemarknaden. Bruk malen ovanfor.

  2. Korleis kan god tryggleik bli ein del av serviceopplevinga på julemarknaden? Les den relaterte artikkelen, «Planlegging av arrangementstryggleik», og beskriv korleis og kvifor tryggleiken er viktig for serviceopplevinga på julemarknaden.


Tips til risikovurderinga

Tenk gjennom følgjande moment:

nødutgangar, kontanthandtering, svinn, hærverk, vêrforhold, snø, glatt inngangsparti

Sjå på oppgåva der tiltaksplan for kafeen vart utarbeidd.
«Utarbeid ein tiltaksplan for Kokosnøtt kafé», NDLA.no

Relatert innhald

Fagstoff
Planlegging av arrangementssikkerheit

Når vi skal planleggje sikkerheita på eit arrangement, må vi forstå arrangementet og prøve å sjå for oss korleis publikum kjem til å oppføre seg.