Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Tryggingsoppdrag for OL

Klassen din har fått i oppdrag å utarbeide forslag til risikoanalyse og tiltaksplan i samband med neste OL. De har òg fått ansvar for å utarbeide ein enkel beredskapsplan for hotellet der dei norske utøvarane held til.
OL-flagget og internasjonale flagg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1 Risikoanalyse

De skal utarbeide ein risikoanalyse i samband med neste OL. Vel ut ein del av OL-arrangementet som de vil sjå nærare på.

Risikoanalyse er ein metode med fleire trinn og er sjølve grunnmuren i tryggingsarbeidet. Talet på trinn vil som regel avhenge av kor komplisert arbeidsprosessen eller verksemda er.

De skal gjennomføre ein risikoanalyse etter denne oppskrifta:

  1. kartleggje uønskte hendingar
  2. vurdere sannsynet for at den uønskte hendinga skal skje
  3. vurdere konsekvensane av den uønskte hendinga dersom ho skulle skje
  4. beskrive risikonivået
  5. foreslå sikringstiltak (tiltaksplan)

Det er viktig å bruke eit skjema for risikovurdering med gode skildringar av sannsyn og konsekvens for alle dei uønskte hendingane.

2 Beredskapsplan

De skal utarbeide ein enkel og oversiktleg beredskapsplan for brann på hotell. Det kan til dømes vere for hotellet eller leilegheitskomplekset der dei norske utøvarane bur under OL-arrangementet.

Tips: Oppgåva er krevjande og bør løysast i grupper. Oppgåva kan leverast som ein rapport til læraren eller presenterast i klassen.

CC BY-SASkrive av Monica Gjertsen Steinbakken, Hanne-Lisbet Løite og Pål-André Hansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 14.05.2018

Læringsressursar

Arrangementssikkerheit