Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Spørsmål om databasar og datamodellering

Når du har gått gjennom emnet databasar, skal du kunne svare på desse spørsmåla.

FooterHeaderIconFooter iconLK20
Tre ringpermar oppå kvarandre. På ryggen av den eine ringpermen står ordet Data.Foto.

Ein database er ei avspegling av verkelegheita.

  1. Kva betyr data og metadata?
  2. Kva er definisjonen på ein database?
  3. Kvifor er det viktig å angi datatypar i ein database?
  4. Kva datatype ville du brukt på desse felta:

    1. kundenummer
    2. E-post
    3. fødselsår
    4. telefonnummer
  5. Kva er eit databasehandteringssystem?
  6. Forklar omgrepa primærnøkkel, kandidatnøkkel, framandnøkkel og surrogatnøkkel
  7. Kva er kardinalitet?
  8. Kva skjer med datamodellen når du opprettar ein mange-til-mange-relasjon?

Ekstraoppgåver

  1. Kan du nemne fem databasar der det er lagra informasjon om deg?
  2. Kva betyr dataintegritet?
  3. Kva er Nosql-databasar?
  4. Kva står ER for i ER-diagram?
Sist oppdatert 23.10.2020
Skrive av Karl Arne Dalsaune

Læringsressursar

Database

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?