Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Databaseoppgåve: Filmdatabase

The Internet Movie Database (IMDb) er ei nettside som samlar informasjon om filmar og TV-seriar frå heile verda. I denne oppgåva skal du sjå for deg korleis databasen til IMDb er bygd opp og prøve å lage din eigen datamodell.
Skjermbilde av nettsiden IMDb.com sett gjennom et forstørrelsesglass. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

På nettsida imdb.com kan du søkje etter ein tittel (film eller TV-serie) og få opp informasjon om tittelen (t.d. tittel, produksjonsår, land, sjanger), og ei liste over skodespelarar og andre medverkande (t.d. regissør, produsent, manusforfattar). TV-seriar har i tillegg ei liste over alle episodar, og kvar episode har òg si eiga side med informasjon og medverkande. Ein kan òg søkje opp ein person og få opp informasjon og ei liste over alle filmane og TV-seriane personen har delteke i og kva rolle dei har hatt, anten som skodespelar eller crew. I tillegg kan brukarane leggje inn meldingar, fakta og detaljar om filmar.

I denne oppgåva skal du sjå for deg korleis databasen IMDb er bygd opp og prøve å lage din eigen datamodell for denne databasen. Du vil trenge mange tabellar og relasjonar for å lage denne datamodellen. Du vil trenge informasjon om:

  • titlar (filmar og TV-seriar)
  • personar (skodespelarar og andre medverkande)
  • episodar (av TV-seriar)
  • sjangrar
  • meldingar av filmar og seriar
  • brukarar

Du må sjølv finne ut kva relasjonar du treng å leggje inn i datamodellen, og om du treng å leggje inn fleire tabellar enn dei som er nemnt.

I tillegg til å lage datamodellen skal du svare på desse spørsmåla:

  1. Korleis kan du leggje inn kva jobb ein person har hatt i ein film? Det kan vere ulikt frå film til film.
  2. Korleis kan du leggje inn namnet på rollefiguren ein skodespelar speler i ein film?
  3. Enkelte personar kan ha fleire jobbar i ein film, t.d. ein regissør som også er skodespelar. Korleis kan du løyse det?
  4. Mange filmar har tilknyting til andre filmar, t.d. oppfølgjarar eller gjenskapningar, eller at dei har felles rollefigurar. Korleis kan du få med det i databasen?
CC BY-SASkrive av Karl Arne Dalsaune.
Sist fagleg oppdatert 30.10.2020

Læringsressursar

Database