Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er ein database?

Vi samlar informasjon i databasar for å gjere informasjonen lett å omarbeide og søkje i. Dei fleste datasystem har éin eller fleire databasar som arbeider i bakgrunnen med å halde orden på informasjonen.
Ei rekkje arkivhyller fylt med esker i forskjellig farge med merkelappar. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Database er ein type programvare som er spesialisert til å hjelpe oss å lagre og strukturere data slik at vi seinare lett kan gjere søk og spørjingar for å hente ut informasjonen igjen. Databasen lagrar informasjonen i tabellar, og vi bruker relasjonar mellom tabellane for at dei skal gi meining saman. Definisjonen av ein database er ei samling av relaterte data. Døme på kjende databasar er folkeregisteret, bilregisteret og strafferegisteret. Bedrifter som sel varer eller tenester vil ha informasjon om produkta sine, kundar og bestillingar lagra i ein database. På ei nettside vil òg mykje av innhaldet vere lagra i ein database, til dømes innlegg, kommentarar og informasjon om brukarar. Dynamiske websider som Facebook, Twitter eller Netflix er heilt avhengige av databasar for å organisere store mengder data og for å kunne hente ut data som er tilpassa kvar brukar.

Kva blir lagra i ein database?

Informasjon som skal lagrast i ein database, må brytast ned til enkle informasjonsbitar som blir lagra i tabellar. Det må òg gjerast eit val om kva informasjon som er relevant til formålet. Viss du skal lagre informasjon om brukarar av ein netteneste, vil relevant informasjon vere til dømes brukarnamn, førenamn, etternamn, kjønn, bustad (land), e-post. Om nettenesten sel fysiske varer, vil òg adresse, postnummer og poststad vere relevant.

Vi set informasjonen inn i ein tabell slik:

brukarnamn

førenamn

etternamn

kjønn

bustad

e-post

krila

Kristin

Larsen

Kvinne

Noreg

kristin@larsen.no

pero

Per Olav

Hansen

Mann

Noreg

perolav@hansen.no

hegni

Hege

Nilsen

Kvinne

Danmark

hege@nilsen.dk

kimtr

Kim

Trulsen

Anna

Danmark

kim@trulsen.dk

Den øvste rada i tabellen angir kva som skal lagrast i dei ulike kolonnane (metadata), og radene under inneheld data som blir lagra i databasen.

Dataa i ein database

Tre ringpermar oppå kvarandre. På ryggen av den eine ringpermen står ordet Data.

Vi kan seie at ein database er ein avspeiling eller eit forenkla bilete av røyndommen i ein organisasjon. Kor nøyaktig dette biletet er, avheng av kor mange detaljar vi ønskjer å leggje inn i det.

Tre punkt er viktige å tenkje på når vi skal jobbe med databasar:

  • Ein database inneheld fakta som bør seie mest mogleg om den røyndommen dei representerer.
  • Dataa vi lagrar i ein database må vere mest mogleg holdbare, det bør vere informasjon som vi ønskjer å ta vare på over tid. Dette blir kalla persistens. Dette betyr ikkje at dataa ikkje skal kunne endrast.
  • Dataa som blir lagra, skal vere ei presis attgjeving av verkelegheita. Det er viktig at dataa er oppdaterte til kvar tid med korrekt informasjon. Dette blir kalla dataintegritet.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård, Merete Bolstad og Karl Arne Dalsaune.
Sist fagleg oppdatert 11.12.2019

Læringsressursar

Database