Leggje inn data i ein database
Vi tek utgangspunkt i datamodellen Bileigar-bil, som vi har brukt tidlegare. Når du skal leggje inn data i denne databasen, må du sjå på relasjonen mellom dei to tabellane. Relasjonen her er ein éin-til-mange-relasjon, og tabellen Bil har framandnøkkelen Bileigar_PersonID. Denne framandnøkkelen er kopla til primærnøkkelen PersonID i tabellen Bileigar. Det vil seie at når du skal leggje inn data i dette feltet, må det finnast eit eksisterande objekt (ein person) i Bileigar-tabellen med tilsvarande personID som du legg inn i dette feltet. Kort sagt: Du må leggje inn bileigaren før du legg inn bilen.
For å leggje inn data i ein tabell, dobbeltklikkar du på tabellen for å få opp tabelleigenskapane og klikkar på "Inserts" på linja nedst.
Her legg du inn dataa som skal inn i tabellen under riktig kolonne. Du kan leggje inn så mange du treng. Når du er ferdig, trykkjer du på knappen med ei grøn hake ved teksten Apply changes for å lagre.
Når du har lagt inn nokre personar, kan du leggje inn bilar. Her må du passe på å leggje inn ID-nummer i kolonnen Bileigar_PersonID som svarer til ID-nummer i PersonID i tabellen Bileigar.