Hopp til innhald

Fagartikkel

Tabellar, felt og datatypar

I ein database blir data lagra i tabellar. Informasjonen i ein tabell blir kalla felt. Dette er informasjonen du fyller ut når du skal lagre data i databasen. For at systemet skal vite korleis informasjonen skal kodast, må kvart felt tilordnast ein datatype.

LK20
Ein datamodell med ei rekke firkantar med forskjellig tekst kopla saman med mange linjer.

Ein avansert datamodell med mange tabellar og felt.

Skjermbilde fra programmet MySQL Workbench

Ny tabell

For å setje inn ein ny tabell klikkar du først på "ny tabell"-verktøyet.

Deretter klikkar du kvar helst på teikneområdet (rutearket) i midten. Det vil då komme opp ein blå firkant med teksten "table1" eller liknande.

Skjermbilde fra programmet MySQL Workbench

Tom tabell

For å redigere tabellen og leggje inn attributt kan du dobbeltklikke på den blå firkanten. Du vil då få opp ei fane under teikneområdet med moglegheit for å leggje inn tabellnamn, felt (kolonnar) og meir.

Skjermbilete frå programmet MySQL Workbench

Dobbelklikk på "table1" for å redigere tabellen.

Ved Table name skriv du namnet på tabellen. I vårt døme kallar vi den første tabellen Bil. Under Column name legg du inn namna på attributta i tabellen. Det første attributtet du legg inn, vil automatisk bli primærnøkkelen til tabellen. Du vil sjå dette ved at sjekkboksen under PK (primary key) blir haka av. Sjekkboksen under NN (not null) blir òg haka av. Dette betyr at feltet ikkje kan vere tomt når ein skal fylle inn data i databasen. Under Datatype skal du fylle ut kva type data som skal leggjast inn i det aktuelle feltet. Dette vil som oftast vere tal eller tekst, men kan òg vere til dømes dato eller ein boolsk verdi (ein verdi som kan vere sann eller usann).

Slik kan det sjå ut når du har fylt ut tabellen Bil.

Skjermbilete frå programmet MySQL Workbench

Vi angir kva slags data som skal inn i tabellen med feltnamn (column name) og datatype.

  • Registreringsnummer er primærnøkkel. Datatypen CHAR(7) betyr at informasjonen som skal leggjast inn her skal vere sju teikn, verken meir eller mindre. Med teikn meiner vi bokstavar, tal eller spesialteikn. Dette er fordi registreringsnummer for bil alltid er to bokstavar følgde av fem tal.
  • Bilmerke, Modell og Farge har datatypen TEXT. Dette betyr at du kan leggje inn ein tekst på opp til 2 GB. Det er då i praksis inga grense for kor mange teikn du kan leggje inn. Om du vil angi ei maksimalgrense for talet på teikn ein kan skrive inn, kan du bruke VARCHAR(n). I staden for n i parentesen set du inn eit tal for maksimal tal på tillatne teikn.
  • Årsmodell har datatypen INT. INT står for integer, som betyr heiltal på engelsk. Viss du vil bruke desimaltal, kan du bruke datatypen FLOAT, men det vil ikkje vere logisk når du skal leggje inn eit årstal.
  • Andre aktuelle datatypar kan vere:

    • DATE: ein dato på formatet ÅÅÅÅ-MM-DD
    • TIME: eit klokkeslett på formatet tt:mm:ss
    • DATETIME: dato og klokkeslett på formatet ÅÅÅÅ-MM-DD tt:mm:ss
    • BOOLEAN: ein variabel med berre to moglege verdiar, vanlegvis sann (true) eller usann (false)
    • BLOB: Binary Large Object – eit bilete, lyd eller video, eller andre filtyper.
Sist oppdatert 18.08.2020
Skrive av Karl Arne Dalsaune

Læringsressursar

Database

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?