Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Databaseoppgåve: Novellekonkurranse

I samband med ein novellekonkurranse treng ei avis ein database med info om deltakarane i konkurransen og novellene deira. Du skal lage ein modell for denne databasen i MySQL Workbench. Kva må du tenkje på før du set i gang?
Jente som ser tankefull ut. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei avis skal ha ein novellekonkurranse for ungdom der dei vil at ungdom skal sende inn noveller med tema frå dei tre tverrfaglege temaa i skulen (folkehelse og livsmestring, demokrati og medborgarskap, berekraftig utvikling).

Dei ønskjer å setje opp ei nettside der skuleelevar kan opprette ein brukarkonto og laste opp novellene sine. Kvar brukar skal ha ein profil med eit bilete og litt informasjon om seg sjølv. Det skal vere mogleg for ein brukar å laste opp fleire noveller. Kvar novelle skal vere knytt til eitt av dei tre tverrfaglege temaa.

All informasjon om brukarar og noveller skal hentast inn frå ein database.

Du skal lage ein datamodell for denne databasen.
Bruk MySQL Workbench.

Hint:


  • Kva tabellar treng du for å kunne leggje inn all informasjonen som trengst?
  • Kva felt treng du å leggje inn i kvar tabell?
  • Kva skal du ha som primærnøklar? Er nokon av felta kandidatnøklar eller må du lage surrogatnøklar?
  • Er det noko informasjon som må skiljast ut i ein eigen tabell?
  • Korleis skal tabellane vere kopla til kvarandre?
CC BY-SASkrive av Karl Arne Dalsaune.
Sist fagleg oppdatert 23.10.2020

Læringsressursar

Database