Hopp til innhald
Oppgåve

Organisering av tenestene

Korleis vil du forklare organiseringa av helse- og oppvekstsektoren til nokon som ikkje er vakse opp i Noreg og dermed ikkje kjenner til systemet her?

Helsesektoren

  1. Lag ei oversikt over kva tenester som blir omfatta av og kven som har ansvaret for

    1. primærhelsetenesta

    2. spesialisthelsetenesta

  2. Kven har ansvaret for tannhelsetenesta og hjelpemiddelsentralen?

Oppvekstsektoren

Lag ein tabell som viser kven som har ansvaret for

  1. universitet og høgskular

  2. vidaregåande opplæring

  3. grunnskular og SFO

  4. barnehagar

  5. pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)

  6. barnevern

Undersøk eigen kommune

  1. Gå inn på heimesida til kommunen din og lag ei oversikt over kva tenester kommunen tilbyr innan

    1. helsesektoren

    2. oppvekstsektoren

  2. Søk på internett og finn ut kva private aktørar som tilbyr tenester i kommunen din, og kva tenester dei tilbyr, innan

    1. helsesektoren

    2. oppvekstsektoren

  3. Søk på internett og finn ut kva frivillige lag og foreiningar som tilbyr tenester i kommunen din, og kva tenester dei tilbyr, innan

    1. helsesektoren

    2. oppvekstsektoren

Lag foredrag og informasjonsbrosjyre

  1. Jobb saman i små grupper, og lag eit foredrag og ein brosjyre med informasjon som kan brukast for å gi personar som ikkje er oppvaksne i Noreg, oversikt over tenestene i kommunen der de bur.

  2. Hald foredraget i klassen og del ut brosjyrane til medelevar. Vurder ditt eige og dei andre sitt arbeid. Bruk tilbakemeldingane til å gjere forbetringar på arbeidet dykkar.

  3. Dersom det er mogleg, kan de ta kontakt med ein innføringsklasse på skulen, norskopplæringa i kommunen eller andre aktuelle stader og be om å få halde foredrag og dele ut brosjyrar der.

Relatert innhald

Fagstoff
Opplæringslova

Opplæringslova handlar om kva rettar og plikter som er knytte til all opplæring og skulegang i Noreg.