Endringar i samfunnet
Alderssamansetninga i samfunnet blir endra fordi vi lever lenger og har betre helsetenester enn før. I kommunane blir det fleire enn før som har behov for helse- og omsorgstenester, og dette vil auke behovet for ressursar til helsetenester og omsorg. Det vil bli behov for fleire tilrettelagde bustader og sjukeheimsplassar, samtidig som det vil bli stort behov for meir arbeidskraft innan helsesektoren.
Mangel på fagarbeidarar er eit problem innan både helse- og oppvekstfaga og andre yrkesfag. Statistisk sentralbyrå (SSB) fryktar at denne mangelen vil forverrast fram mot år 2040 med mindre det blir sette inn tiltak for å rekruttere fleire til yrkesfaglege utdanningar. For yrka innan helse- og oppvekstfag gjeld dette spesielt for helsefagarbeidarar fordi den aukande andelen eldre fører til stor auke i behovet for helse- og omsorgstenester.
Med auka velstand har mange av oss vent oss til at vi kan kjøpe oss gode. Desse vanane tek vi med oss når vi blir eldre og får behov for pleie og omsorg. Vi må derfor rekne med at dei eldre i neste generasjon vil stille høgare krav til varer og tenester. I tillegg får mange i samfunnet råd til tenester som kosmetisk kirurgi og hud- og fotpleie. I ei viss grad legg dette beslag på ressursane i helsevesenet som kunne vore brukte på andre område.
Måten vi organiserer tilboda innan helse- og oppvekstsektoren på, blir endra, og private aktørar tilbyr no tenester som tidlegare var reserverte for det offentlege. Dette kan skape mangfald og valmoglegheiter, men kan òg føre til at ulike grupper får ulike tilbod.
Sjølv om dei fleste har det bra og den gjennomsnittlege levestandarden er høg i Noreg, aukar den sosiale ulikskapen og forskjellen i forventa levealder. Personar med høg utdanning og god økonomi har større fridom til å gjere gode val for eiga helse enn menneske med låg utdanning og færre jobbmoglegheiter. Dårleg økonomi kan avgrense moglegheita for å gjere gode helsefremmande val, og dette fører til sosial forskjell i helse. Utjamning av sosiale helseforskjellar er derfor eit prioritert område innan folkehelsearbeid.
Noreg har vorte eit fleirkulturelt samfunn, og det vil påverke yrkesutøvinga på fleire måtar. Du vil få kollegaer med ein annan kulturbakgrunn og eit anna språk enn du har. I dette ligg både moglegheiter og utfordringar. Du vil òg få kundar og brukarar som har ein annan kulturbakgrunn enn du har. Dette vil stille krav til deg på område som toleranse, kunnskap og kommunikasjon.
På alle område i samfunnet blir ny teknologi teken i bruk. Som yrkesutøvar må du lære deg å bruke han. Der ein tidlegare noterte på papir og gjennomførte bestillingar per telefon, blir pc og internett brukt meir og meir. Dette betyr at du må meistre ulike dataprogram og ha kunnskap om datatryggleik og digital dømmekraft for å utøve yrket ditt.
Som profesjonell yrkesutøvar må du bruke tid på å lære nye ting gjennom heile ditt yrkesaktive liv. Velferdsteknologi blir i aukande grad teken i bruk for å utføre oppgåver som tidlegare vart gjorde av menneske. Denne teknologien gir nye moglegheiter for sjølvstende og meistring for brukarane, men fører òg til etiske problemstillingar og praktiske utfordringar som du som fagarbeidar må reflektere over.
Yrkesutøvarar må i større grad enn tidlegare dokumentere kva dei gjer på jobb, og kva som ikkje er utført. Det er derfor viktig at du lærer deg gode rutinar for dokumentasjon. Kravet om dokumentasjon er lovfesta, så du kan ikkje sjølv velje om du vil utføre denne delen av jobben eller ikkje.
Utfordringar til deg
- Korleis kan auka tilbod av private tenester påverke yrkesutøvinga i helse- og oppvekstsektoren?
- Kva konsekvensar trur du auka velstand i befolkninga har for hudpleiaryrket?
Kvifor er det så viktig at fleire vil bli helsefagarbeidarar?
Beskriv kva utfordringar og moglegheiter du meiner eit fleirkulturelt samfunn gir deg som yrkesutøvar.
Diskuter i grupper: Korleis vil yrkesutøvinga og arbeidslivet dykkar bli påverka av at andelen eldre aukar?
Cappelen, Å., Dapi, B., Gjefsen, H. M. & Stølen, N. M. (2020). Framskrivinger av arbeidsstyrken og sysselsettingen etter utdanning mot (Rapportar 2020/41). Statistisk sentralbyrå. https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/artikler-og-publikasjoner/framskrivinger-av-arbeidsstyrken-og-sysselsettingen-etter-utdanning-mot-2040
Syse, A. et al. (2022, 16. september). Sosiale helseforskjeller i Noreg. Folkehelserapporten. Folkehelseinstituttet. https://www.fhi.no/nettpub/hin/samfunn/sosiale-helseforskjeller/
Relatert innhald
Sosial helseforskjellar som utdanning, økonomi og levekår påverkar helsa, men korleis kan helsa påverke den sosiale statusen din?
Kva tiltak blir gjorde for å jamne ut sosial ulikskap i nærområdet ditt?