Hopp til innhald
Fagartikkel

Private helse- og oppveksttenester

I Noreg har vi ei rekke private aktørar som tilbyr helse- og oppveksttenester. Private føretak kan tilby mange jobbmoglegheiter, og på slike stader arbeider det folke med ulik kompetanse. På denne sida kan du utforske dette nærare.

Private helsetenester

I dei fleste kommunar finst det private aktørar som tilbyr helsetenester, som leger, fysioterapeutar og psykologar som vel å arbeide som privatpraktiserande i staden for å jobbe i det offentlege helsevesenet. I dei siste åra har vi òg fått fleire private sjukehus og klinikkar. Desse kan tilby spesielle behandlingar som til dømes augeoperasjonar, kosmetiske operasjonar eller andre typar behandling. Vanlegvis betaler pasienten sjølv for behandlinga, men i enkelte tilfelle kan det offentlege dekke delar av utgiftene.

Jobb i private institusjonar for rusomsorg, eldre og privat heimebasert omsorg er alternativ til dei kommunale helsetenestene. Andre døme på private arbeidsplassar for fagarbeidarar innan helsetenestene kan vere mellom anna

  • apotekteknikarar som jobbar i private apotek
  • hudpleiarar som jobbar i private bedrifter, anten som tilsette eller som sjølvstendig næringsdrivande
  • fotterapeutar som jobbar i private bedrifter eller som sjølvstendig næringsdrivande
  • ortopediteknikarar som jobbar i private bedrifter
  • tannhelsesekretærar som jobbar hos privatpraktiserande tannlegar
  • helsesekretærar som jobbar hos privatpraktiserande legar og i private sjukehus og institusjonar

Private oppveksttenester

Barnehagar

Private barnehagar har i mange år vore eit viktig supplement til dei kommunale barnehagane for å dekke behovet for barnehageplassar. Drifta av private barnehagar blir finansiert av tilskot frå kommunen i tillegg til foreldrebetaling. Stortinget fastset ein maksimalpris på foreldrebetaling kvart år, og derfor er foreldrebetalinga lik for offentlege og private barnehagar i heile Noreg.

Barnehagelova med forskrifter regulerer barnehagane i Noreg. Lova gjeld for både private og offentlege barnehagar.

Mange private barnehagar registrerer ein pedagogisk eller innhaldsmessig profil som bidreg til eit mangfald i det pedagogiske tilbodet. Vi finn mellom anna

  • friluftsbarnehagar

  • tru og livssynsbarnehagar

  • idrettsbarnehagar

  • kultur, musikk og kunstbarnehagar

  • miljøbarnehagar

  • gardsbarnehagar

Fleire private barnehagar er registrerte med bestemde pedagogiske retningar, til dømes

  • Reggio Emilia-barnehagar

  • steinerbarnehagar

  • montessoribarnehagar

Privatskular og skulefritidsordningar (SFO)

Vi har både private grunnskular (barne- og ungdomsskular) og vidaregåande skular. Dette er skular som gir opplæring på eit særskilt grunnlag. Det kan til dømes vere

  • livssyn

  • anerkjende pedagogiske retningar, til dømes montessori- eller steinerpedagogikk

  • internasjonalt (etter internasjonale læreplanar)

  • særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett

  • særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma

  • vidaregåande opplæring i tradisjonshandverksfag (etter læreplan for Kunnskapsløftet)

Drifta av privatskular kan finansierast gjennom statstilskot og skulepengar betalte av foreldra. Private skular og andre private verksemder, personar eller organisasjonar kan òg starte ei privat skulefritidsordning (SFO). Skulefritidsordninga skal gi barn omsorg og tilsyn før og etter skuletid og legge til rette for leik, kultur og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i interessene, alderen og funksjonsnivået til barna.

Barnevernstenester og -institusjonar

Barnevernstenester og -institusjonar er eit anna døme på oppveksttenester som blir drivne både av det offentlege og av private aktørar.

Private aktørar bidreg mellom anna med

  • akutt- og omsorgsinstitusjonar

  • barne- og familiesenter

  • åtferds- og rusinstitusjonar

  • omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

Institusjonane skal drivast i samsvar med barnevernslova med tilhøyrande forskrifter.

Private aktørar har òg mogelegheit til å etablere og drive avlastningsbustader og barnebustader for barn og unge. Private barnebustader skal godkjennast av Bufetat (barne-, ungdoms og familieetaten).

Utfordringar til deg

  1. Kva kan vere årsaka til at nokon vel å betale for private helse- og oppveksttenester i staden for å nytte dei offentlege tenestetilboda?

  2. Kva trur du er fordelar og ulemper med å jobbe i offentlege eller private helse- og oppveksttenester?

  3. Er private helse- og oppveksttenester eit supplement eller ein konkurrent til det offentlege tenestetilbodet? Diskuter i gruppe.

Kjelder

Barnehagemonitor. (u.å.). Mangfold og eierskap i barnehage-sektoren. Henta 18. februar 2023 frå https://www.barnehagemonitor.no/mangfold-og-eierskap/

Utdanningsdirektoratet. (u.).(u.). Privatskolar. Henta 18. februar 2023 frå https://www.udir.no/utdanningslopet/spesielt-for-private-skoler/