Helsesektoren
Staten har eit overordna ansvar for helsepolitikken i landet og skal sikre at alle har lik tilgang til helsetenester. Statens helsetilsyn har ansvar for å føre tilsyn og kontroll med helsetenestene. Stortinget og regjeringa gjer vedtak om lover og forskrifter, mens Helse- og omsorgsdepartementet skal sørge for at dei politiske vedtaka blir sette i verk.
Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for helsepolitikk, folkehelse, helsetenester, kommunale tenester til eldre og funksjonshemma, helselovgiving og delar av sosiallovgivinga i Noreg. HOD har òg ansvaret for alkohol- og narkotikapolitikken i Noreg. Helse- og omsorgsministeren er den øvste leiaren i departementet.
Folkehelseinstituttet (FHI) er eit statleg forvaltingsorgan som er underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. FHI arbeider med forsking og analyse og skal produsere og formidle kunnskap som bidreg til god folkehelse. FHI gir råd til heile helsesektoren, inkludert Helse- og omsorgsdepartementet, og har òg ansvaret for at det er nok vaksinar tilgjengeleg.
Helsedirektoratet er òg underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Det skal styrke helsa til befolkninga gjennom heilskapleg og målretta arbeid på tvers av tenester, sektorar og forvaltningsnivå. Helsedirektoratet gir konkrete råd om helsefremmande og førebyggande tiltak, i tillegg til at dei har eit heilskapleg ansvar for den nasjonale helseberedskapen. Helsedirektoratet har òg ansvaret for autorisasjon av helsepersonell.
Helsetenesta i Noreg blir delt inn i ei primærhelseteneste og ei spesialisthelseteneste. Nokre helsetilbod er organiserte i fellesskap av kommunen og staten, som til dømes distriktsmedisinske senter, enkelte rehabiliteringstilbod og hospicetilbod.
Primærhelsetenesta
Kommunen skal sørge for at alle som bur i og oppheld seg i kommunen, uavhengig av alder, funksjonsnivå og etnisk bakgrunn, får tilbod om nødvendige helse- og omsorgstenester. Primærhelsetenesta er altså ansvaret til kommunen, og ho omfattar tenester som
- helsestasjon og skulehelseteneste
- fastlegeordning
- legevakt
- offentleg fysioterapiteneste
jordmorteneste
brukarstyrt personleg assistanse (BPA)
- institusjonsteneste
rusomsorg og psykisk helsearbeid
Spesialisthelsetenesta
Spesialisthelsetenesta er ansvaret til staten. Ho er organisert i fire regionale helseføretak (RHF) som blir styrte av Helse- og omsorgsdepartementet. RHF-ene skal sørge for at dei som bur i eller oppheld seg i helseregionen, får tilbod om spesialisthelsetenester som til dømes
sjukehus- og andre spesialisthelsetenester
ambulanseteneste
røntgentenester
utdanning og opplæring av pasientar og pårørande
Fylkeskommunen skal sørge for at tannhelsetenester er tilgjengelege for alle som bur i eller oppheld seg i fylket. Fylkeskommunen har òg ansvar for hjelpemiddelsentralen.
Utfordringar til deg
Kva er forskjellen mellom primærhelseteneste og spesialisthelseteneste?
Helsedirektoratet gir konkrete råd for å fremme folkehelsa, som til dømes kostråd og råd om fysisk aktivitet. Kva andre nasjonale faglege råd kjenner du til?
Kven har rett til kommunale helse- og omsorgstenester?