Oppgåve
Velferdsstaten i framtida
Er det pengar igjen til deg når du blir gammal og skal leve av alderspensjon?
Sjå videoen og gjer oppgåvene under.
- Kva er dei viktigaste grunnane til at det blir vanskeleg å halde oppe den norske velferdsstaten i framtida?
- Nils August Andresen i tidsskriftet Minerva og Ebba Boye frå Manifest Analyse er samde i at velferdsstaten vil møte utfordringar i nær framtid, men dei har litt ulikt syn på korleis dette kan løysast. Kva er forskjellen på forslaget deira til løysingar?
- Minerva og Manifest har ei politisk tilhøyrsle på kvar si side av den politiske høgre/venstre-aksen. Undersøk kva side i politikken Minerva og Manifest tilhøyrer.
- Korleis kan den ulike politiske ståstaden deira forklare forskjellane i Andresens og Boyes forslag til løysingar på problemet?