Hopp til innhald

Fagstoff

Vegbygging

Opplev korleis ein veg bli til ! Lær også om kven som har ansvaret for vegbygging i Noreg, korleis vegbygging blir planlagd og kva krav ulike typar veg må oppfylle.

Korleis blir ein veg til?

Frå urørt skog og fjell til ferdig veg med vegoppmerking og lys, snorklipping og vegopning: I videoen nedanfor får du forklart arbeidet steg for steg. Prosjektet filmen handlar om, er bygging av fem kilometer riksveg i Setesdalen, nærare bestemt på riksveg 9 mellom Besteland og Helle.

Vegbyggingsarbeidet steg for steg

I videoen over har fagarbeidarar fortalt om oppgåvene sine i eit vegbyggingsprosjekt. Her får du ei kort oppsummering av gangen i arbeidet.

  • Først blir organisk materiale som røter og trestubbar fjerna frå den planlagde veitraséen.

  • Alt organisk materiale blir teke vare på fordi det skal brukast til revegetering langsmed sidene av den ferdige vegen.

  • Deretter blir fjell som må fjernast, sprengt bort.

  • Samtidig som ein gjer klar underbygnaden, legg ein stikkrenner på tvers og røyr til diverse kablar (straumkabel, fiberkabel, telekabel osb.).

  • Gravaren rettar av planum (toppen av underbygnaden).

  • Oppå planum kjem det først eit lag med pukk, kult eller grus. Laget blir valsa jamt med gravemaskin og vals.

  • Deretter skal traséen asfalterast. Det er årsdøgntrafikken (ÅDT) som avgjer kor tjukt asfaltlaget må vere. På riksveg 9 er det til dømes krav om 8 cm. Europavegar kan ha opptil 22 cm tjukke asfaltlag.

  • Når asfalten er lagd, blir det montert rekkverk. Rekkverkstypen varierer med plassering og formål.

  • Neste trinn er at det blir lagt på vegmerking.

  • Så må belysninga komme på plass. Denne jobben er det ofte eit elektrofirma som gjer. Kablane er trekte frå før, men master med lys må settast opp.

  • Til slutt er tida inne for revegetering (nyplanting) på begge sider av vegen.

Ansvaret for vegnettet i Noreg

I Noreg er ansvaret for bygging og vedlikehald av vegar fordelt mellom stat, fylkeskommunar og kommunar. Vi skil derfor mellom riksvegar, fylkesvegar og kommunale vegar. Nokre av riksvegane i Noreg er i tillegg europavegar: Dei er ikkje berre sentrale ferdselsårer igjennom landet, dei er òg ein del av eit viktig vegnett som knyter heile Europa saman.

Det er Statens vegvesen som har ansvaret for alle europa- og riksvegane i Noreg. Fylka har ansvaret for fylkesvegane, og kommunane har ansvaret for dei kommunale vegane.

Nasjonal transportplan (NTP)

Nasjonal transportplan er eit dokument der regjeringa beskriv transportpolitikken sin. Planen blir revidert kvart fjerde år. Politikarane kan til dømes utsette byggeprosjekt eller framskynde dei. Dei kan også droppe enkelte prosjekt heilt.

Det blir valt nytt Storting kvart fjerde år, og transportplanen blir revidert midt i stortingsperioden. Det betyr at ei ny regjering dei første to åra må ta utgangspunkt i planen som den førre regjeringa har gått inn for. Tanken bak denne ordninga er å sikre nok tid til utarbeiding av transportplanen og å gjere transportpolitikken meir føreseieleg.

Regional transportplan (RTP)

Alle fylka i Noreg har planar for fylkesvegnettet. Desse planane kallar vi regionale transportplanar.

Krav til vegstandard

Statens vegvesen gir ut eigne handbøker som tek for seg alle krava og forskriftene som gjeld vegar og vegbygging, til dømes krav til opplysing, rekkverk, vegetasjon, rasteplassar, vasshandtering, asfalttjukkleik, osb.

Relatert innhald

Den nasjonale transportplanen viser måla og planane til regjeringa for infrastrukturen (veg-, jernbane-, luft- og sjøtransport).

CC BY-SASkrive av Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 21.11.2023

Læringsressursar

Anleggsmaskinførar