Hopp til innhald
Fagartikkel

Maskinførarbevis

Med ein anleggsmaskin kan du flytte jord- og steinmassar og utføre anna tungt arbeid på anleggsplassar og byggjeplassar. For å kunne gjere dette treng du maskinførarbevis for den spesifikke masseforflyttingsmaskinen du skal bruke.

Seks maskinførarmodular (kurs)

Med maskinførarbevis kan du trygt og sikkert utføre ulike arbeidsoppgåver med forskjellige maskintypar og gjere enklare vedlikehald på dei. Kursa for masseforflyttingsmaskinar gir blant anna innsikt i lover og forskrifter, HMS, arbeidsmiljø, prinsipp for maskinane sin konstruksjon, bruk, verkemåte og vedlikehald.

Oversikt over modulane

Maskinførarkurs M1–M6 blir gjennomført etter gjeldande opplæringsplanar og er sertifisert opplæring. Her kan du velje éin, fleire eller alle kursmodulane. Kostnader ved slike kurs blir gjerne dekte av arbeidsgivar.

  • Dosar (M1)
  • Gravemaskin (M2)
  • Veghøvel (M3)
  • Hjullastar (M4)
  • Gravelastar (M5)
  • Dumpar (M6)

Ulike modellar for gjennomføring av kurs

Somme kurstilbydarar tilbyr alle modulane samla, mens andre tilbyr berre nokre av modulane. Har du allereie teke kurs i nokre av modulane, kan du altså fullføre sertifikatet ditt gjennom å ta dei resterande modulane til anleggsmaskinen du ønskjer å ta sertifikatet i.

Du vil finne kurstilbydarar som tilbyr kurs i både teori og praksis, på dagtid og på kveldstid. Har du allereie fullført alle modulane med teori, kan du ta kurs i praktisk opplæring dersom du ikkje har moglegheit til å gjere dette med fadder i eiga bedrift. Kursa kan også variere når det gjeld pris, varigheit, oppstart og stad.