Hopp til innhald
Fagartikkel

Anleggsmaskinførarfaget

Anleggsmaskinførarfaget går ut på å bruke og halde ved like anleggsmaskiner og tilleggsutstyr med HMS i høgsetet. Planlegging og gjennomføring høyrer med, og samarbeid med andre er ein føresetnad i yrkesutøvinga.
Liker du store maskiner med mykje krefter? Då kan anleggsmaskinførar vere for deg! Video: Sanden Media AS / CC BY-SA 4.0

Føremål med faget

Ein anleggsmaskinførar utfører varierte arbeidsoppdrag med ulike typar anleggsmaskinar og tilleggsutstyr. Anleggsmaskinførarfaget skal bidra til å dekkje samfunnet sine behov for vedlikehald og utbygging av infrastrukturen i landet. Anleggsmaskinføraren arbeider ofte i vanskelege terreng og område og kan gjere store inngrep i natur og miljø. Faget skal derfor bidra til å gi anleggsmaskinførarar ei medviten haldning til miljø- og ressursspørsmål.

Opplæringa

Opplæringa skal utvikle evna til å planleggje, gjennomføre og vurdere arbeidsoppgåver i tråd med brukaren sine behov og prioriteringane til samfunnet. Vidare skal opplæringa utvikle evna til å ta i bruk nye maskinar og metodar og nytt utstyr, handtere og vedlikehalde maskinane på ein forsvarleg måte og utvikle evna til å ta vare på tryggleiken til ein sjølv og andre.

Opplæringa skal leggje vekt på samarbeid med kollegaer og andre yrkesutøvarar på byggje- og anleggsplassar. Opplæringa skal leggje vekt på helse, miljø og tryggleik.