Fagartikkel
Opplæring – masseforflyttingsmaskinar
For å kunne føre masseforflyttingsmaskinar med større motoreffekt enn 15 kW (20,4 hk) er det krav om sertifisert sikkerheitsopplæring, eit sikkerheitskurs med avsluttande prøve og praktisk køyring.
Opplæringa er delt inn i 4 moduler med ei lengd på tilsaman 72 timar.
Modul 1
Modulen tar for seg arbeidsmiljø, ansvar og konsekvensar og gir ei innføring i viktigheita av gode rutinar med tanke på helse, miljø og tryggleik.
Lengd: 8 timar.
Modul 2
Denne modulen er ei innføring i dei seks maskinane som blir kalla masseforflyttings-maskinar.
Lengd: 24 timar.
Modul 3
I den tredje modulen er det fokus på praksis. Man får her en grunnleggjande praktisk opplæring på dei ulike maskinane.
Lengd: 8 timar.
Modul 4
Etter grunnleggjande opplæring i praktisk bruk av maskinane er det tid for mengdetrening på dei ulike maskinane. Modul 4 gir Køyreopplæring i bedrift/skule.
Lengd: 32 timar.
- M1: dosar
- M2: gravemaskin
- M3: veghøvel
- M4: hjullastar
- M5: gravelastar
- M6: dumpar
- M20: andre maskintypar
Oversikt over opplæringsmodular og kompetansebevis hos sfs.no.