Hopp til innhald

Fagstoff

HMS for anleggsmaskinføraren

Anleggsmaskinføraren jobbar på anlegg og byggjeplass og bruker utstyr som gravemaskin, dumpar og hjullastar. Dette gjer at det er risiko for både klem- og velteskadar. Maskinføraren må derfor vere merksam og bruke eigna verneutstyr.
Dumpar og gravemaskin i steinbrot. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk førebyggjande

Anleggsfaget har eit variert og spennande arbeidsområde. Arbeidet går føre seg både utandørs i all slags vêr og innandørs under varierande tilhøve. Vegbygging, grunnarbeid, rassikringar og arbeid på byggjeplassar er berre nokre eksempel. Å jobbe for eit trygt og godt arbeidsmiljø må heile tida vere i fokus. Tenk førebyggjande og ta val som ikkje utset deg eller andre for unødig risiko.

Fleire faktorar krev merksemd

Alle arbeidsplassar der ein arbeider med store maskinar, kan definerast som ein anleggsplass, stor eller liten. Då utstyrer ein seg med naudsynleg arbeidstøy og personleg verneutstyr ut frå den jobben som skal gjerast. På ein anleggsplass er det fleire faktorar som krev merksemd på HMS. Store maskinar krev merksemd grunna dårleg sikt. Det kan vere arbeid i skråningar, sikringar av fjell, tunnelarbeid eller sprengingsarbeid. Mange typar verktøy og utstyr krev vern, og ulike arbeidsoperasjonar er krevjande med stor grad av risiko. Eksempel på dette er pigghammar og steinklype.

CC BY-SASkrive av Haldor Hove og Knut Grønvold.
Sist fagleg oppdatert 08.01.2019

Læringsressursar

Anleggsmaskinførar