Hopp til innhald

Fagstoff

Oppbygginga til gravemaskinen

Gravemaskinen er den mest brukte maskinen innan anleggsdrift. Han kan brukast til utgraving, opplasting og planering av ulike typar massar. Ein gravemaskin består av fleire hovudkomponentar. Det kan også monterast ekstrautstyr på han.

Ordforklaringar

Sprockethjul

Eit tannhjul der beltemotoren sit, som dreg belta rundt.

Leiehjul

Eit hjul som beltet går på.

Undervogn

Underdelen på ein gravemaskin. Her sit bl.a. belterammer, sprockethjul, leiehjul og belte.

Overvogn

Overdelen på ein gravemaskin. Her sit bl.a. motoren, hydraulikkpumper og førarhytta.

Sylinder

Gjer det mogleg å bevege gravearmen ved hjelp av hydraulikkolje under trykk.

Bomsylinder

Bomsylinderen løfter bommen i sylinderen si (+)-retning og senker han i sylinderen si (-)-retning. Her blir høgre joystick brukt slik:

  • Mot deg = løft, (+)-retning på sylinderrørsla
  • Frå deg = senk, (-)-retning på sylinderrørsla

Stikkesylinder

Stikkesylinderen er festa i bommen og i toppunktet på stikken. Her er "graveretninga" (mot deg) sylinderen si (+)-retning og "skyv frå" sylinderen si (-)-retning. Her blir venstre joystick brukt slik:

  • Mot deg = mot førarhytta, (+)-retning på sylinderrørsla
  • Frå deg = frå førarhytta, (-)-retning på sylinderrørsla

Skuffesylinder

Skuffesylinderen er festa i stikkearmen og i toppunktet på skuffa. Her er "graveretninga" på skuffa (mot venstre) sylinderen si (+)-retning og "tøm skuffen" sylinderen si (-)-retning. Her blir høgre joystick brukt slik:

  • Mot venstre = fylle skuffen, (+)-retning på sylinderrørsla
  • Mot høgre = tømme skuffen, (-)-retning på sylinderrørsla

Svingkrans

Svingkransen bind over- og undervogna saman og gjer at maskinen kan roterast rundt 360 gradar, gjennom ei svært solid opplagring og hydrauliske motorar som grip i tannhjul på svingkransen.

  • Krans = tannhjul

Her blir venstre joystick brukt slik:

  • Mot venstre = sving venstre
  • Mot høgre = sving høgre
CC BY-SASkrive av Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 06.02.2024

Læringsressursar

Anleggsmaskinførar