Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Drøft problemstillingane

Del klassen inn i grupper, og drøft problemstillingane nedanfor. Er de einige eller ueinige? Grunngi svara.
Ein bartender heller grøn væske frå ein shaker og over i shotglas. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Problemstilling 1

Du jobbar på ein serveringsstad. Ei tydeleg gravid kvinne bestiller ei flaske vin og litt snacks. Du serverer henne begge delar, og du er påpasseleg med å sørgje for at ho alltid har vin i glaset.

Problemstilling 2

Restauranten har akkurat stengt dørene, og dei siste gjestane har gått heim. Så snart reingjeringa er unnagjord, skal du slappe av med kollegaene dine. Det er heilt vanleg å kople av med ei flaske vin etter kveldsskiftet.

Problemstilling 3

På varme sommarkveldar er det heilt greitt å ta seg eit par øl mens du serverer i baren.

Problemstilling 4

Du har akkurat nekta å servere øl til ein gut som ikkje kunne vise gyldig legitimasjon, og som du trur er mindreårig. Like etter kjem ein mann bort til baren og bestiller to øl, og du ser at han gir den eine ølen til guten du nekta servering. Du går då bort til guten og ber han forlate lokalet.

Problemstilling 5

Du oppdagar at jenta du er i ferd med å servere ein drink til, knapt klarer å stå på eigne bein. Ho er svært rusa. Du serverer henne drinken og tilbyr deg å følgje henne bort til bordet. Du bestemmer deg for å ikkje servere henne fleire drinkar etter denne.

Problemstilling 6

For å kunne prestere på høgt nivå over lang tid i restaurant- og serveringsbransjen må ein ha eit gjennomtenkt forhold til alkohol.

Problemstilling 7

Ved eit uhell skjenkjer du oppi vanleg øl til ein gjest som har bede om alkoholfritt øl. Gjesten såg ikkje flaska du skjenkte frå, så du tenkjer at det går nok greitt. Det kan ikkje skade med eit glas vanleg øl, og du vil i alle fall ikkje betale for denne flaska.

Problemstilling 8

Når du jobbar i restaurant- og serveringsbransjen, er det naturleg at du har eit høgare alkoholkonsum enn andre folk.

CC BY-SARettshavar: Mintra AS
Sist fagleg oppdatert 28.09.2022

Læringsressursar

Etikk