Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er etikk?

Korleis ville du reagert viss den beste venen din laug for deg, viss nokon stal telefonen din eller slo deg ned utan nokon som helst grunn? I etikken reflekterer vi over dei moralske oppfatningane våre. Vi reflekterer over korleis vi bør handle overfor kvarandre og kvifor noko er rett eller gale.

Rett og gale

Vi har alle ei forståing av kva som rett og gale. Vi har alle opplevd å bli urettferdig behandla. Dei fleste av oss har opplevd å bli såra, anten fysisk eller psykisk. Vi kan ha blitt utsette for krenkingar som hets, vald, audmjuking, utestenging eller mobbing, eller vi kan ha sett andre bli offer for slike handlingar.

Dette er opplevingar som rører oss på ein grunnleggjande måte. Det blir opplevd som ein urett. Vi opplever det som gale, eller vondt, eller urettferdig, noko som ikkje burde hende.

Slike hendingar skaper ofte sterke reaksjonar – ikkje berre fordi nokon har gjort noko gale mot oss, men fordi sjølve handlinga blir opplevd som moralsk gal eller urettferdig. Dette ville ikkje vore mogleg viss det ikkje samtidig fanst noko som var rett og riktig, ein moralsk standard for korleis vi burde oppføre oss mot kvarandre.

Alle samfunn byggjer på visse grunnleggjande førestillingar om kva som rett og gale og godt og vondt, men desse førestillingane kan variere frå samfunn til samfunn og frå individ til individ. Ofte er vi ueinige om kva som er moralsk og etisk riktig i ein bestemt situasjon, og kvifor noko er godt mens noko anna er vondt.

Etikk og moral

Til dagleg bruker vi ofte omgrepa etikk og moral om kvarandre som to synonym. I filosofien er det likevel vanleg å skilje mellom dei og definere etikk og moral på to ulike måtar. Moral er oppfatningar om rett og gale og godt og vondt i eit samfunn.

Moralen seier noko om korleis vi bør handle i ulike situasjonar og kva haldningar som er riktige og gale. I samfunnet vårt er det til dømes riktig å hjelpe menneske som lid, gripe inn viss nokon blir utsette for eit overgrep og ikkje lyge eller stele.

Etikk er refleksjonar over moralen. Det kan også definerast som læra om moral. I etikken er ein oppteken av å grunngi kvifor noko er rett eller gale og tenkje systematisk gjennom oppfatningane våre av godt og vondt.

Ifølgje moralen er det til dømes gale å lyge overfor ein ven. Dette forbodet kan ha ulike etiske grunngivingar. Ei etisk grunngiving kan til dømes vere at løgn øydelegg tilliten mellom menneske.

Kilder

  • Johansen, K.J & Vetlesen, A.J. (2000). Innføring i etikk. Oslo: Universitetsforlaget.
  • Thommesen, B. & Wetlesen, J. (2000). Etisk tenkning. En historisk og systematisk innføring. Oslo: Ad Notam Gyldendal
  • Vetlesen, A.J (2007). Hva er etikk. Oslo: Universitetsforlaget.
CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 02.06.2021

Læringsressursar

Etikk