Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Yrkesetikk på arbeidsplassen

I alle serviceyrke kan det oppstå situasjonar der vi blir usikre på kva det er riktig å gjere. I denne oppgåva skal du tenkje over ulike situasjonar som kan oppstå på arbeidsplassen. Korleis prioriterer du?
To unge kvinner sit ved eit skrivebord med kontorutstyr. Den eine fortel den andre ei hemmelegheit. Foto.

Oppgåve 1. Individuell oppgåve

Lista nedanfor inneheld døme på kvardagssituasjonar knytte til yrkesetikk. Sorter dei etter kor alvorlege du meiner dei er. Kan du kome på fleire døme? Kvar på lista vil du setje dei inn?

  • kome for seint på arbeid
  • ikkje halde orden i fellesutstyr
  • ta med seg småting frå lageret
  • mobbe ein kollega
  • bedrifta praktiserer ikkje likeløn
  • gå heim ein halv time før arbeidsdagen er over
  • snakke med vener når det er kundar til stades
  • ta litt for lang lunsjpause
  • nytte mobiltelefon på kjøkkenet
  • ta med seg matvarer heim
  • ta med seg reklameeffektar (pennar og liknande) heim
  • gi personalrabatt til vener og kjende
  • overlate eigne ansvarsoppgåver til andre

Oppgåve 2. Gruppeoppgåve

  1. Gå saman i grupper på tre–fire elevar. Diskuter og bli einige om ei rangering av punkta frå oppgåve 1.

  2. Kvar gruppe får tildelt ein kontaktperson i ei bedrift som skulen samarbeider med. Ta kontakt med den aktuelle personen, og finn ut kva han/ho meiner om punkta frå oppgåve 1.

  3. Kvar gruppe presenterer rangeringa si for resten av klassen. Fortel òg kva kontaktpersonen i bedrifta sa.

Oppgåve 3. Individuell evalueringsoppgåve

  1. Endra du syn frå du jobba med rangeringa åleine, til du skulle rangere punkta saman med gruppa di?

  2. Er du einig i den lista som gruppa di kom fram til?

  3. Var det samsvar mellom rangeringa di og svara til kontaktpersonen i bedrifta?

  4. Har du lært noko av desse oppgåvene? Eventuelt kva?

Relatert innhald

Kva er etiske utfordringar? Her gir vi døme på hjelpemiddel som kan vere til nytte når vi står i valsituasjonar som krev etisk vurdering.

CC BY-SASkrive av Tove Engesvik og Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 02.06.2021

Læringsressursar

Etikk