Etiske råvarer? - Bransje og arbeidsliv (RM-KOS vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Etiske råvarer?

Kva betyr rettferdig handel for deg? Tenkjer du over kvar råvarer er produserte, kven som har produsert dei, og kva slags arbeidsforhold dei er produserte under?

Etisk og rettferdig handel

Råvaremarknader for mellom anna frukt, kakao, sukker og feitt har vore i søkjelyset på grunn av dei dårlege forholda varene blir produserte under. Det er påstandar om barnearbeid, lange arbeidsdagar, dårleg arbeidsmiljø, forureining og elendig løn.

Bananar med bismak?

Bananar er vanleg mat i norske heimar. Kva forhold blir bananar produserte under? På nettportalen til Forbrukarrådet kan vi lese:

12 timer hver dag står kvinnene med armene konstant nedsenket i tanker med giftige kjemikalier for at bananene skal være pene og rene innen de når norske butikker. Konsekvensene ses oftest først når de skal føde barn. Da er det ikke lenger en selvfølge at barna blir født med ti fingre og ti tær.

Rico er åtte år gammel og løper barbeint mellom bananplantene. Jorden er glatt av sprøytemidler og gjør det tungt å løpe. Men kurven er tom, og et nytt lass bananer skal hentes og fraktes til pakkelageret. Solen står midt på himmelen, og selv om ryggen verker, vet Rico at han fortsatt skal gå mange turer frem og tilbake før han kan gå i seng.

Historia om Rico er oppdikta, men situasjonen er reell for mange.

Oppgåve 1. Gruppeoppgåve

Ta stilling til påstandane nedanfor, og diskuter dei i grupper:

  1. Eg har god kunnskap om kvar varene eg kjøper, er produserte. (ja/nei)
  2. Eg ønskjer ikkje å kjøpe varer som er produserte av barn. (ja/nei)
  3. Eg ønskjer ikkje å kjøpe varer som er produserte av folk som har låg løn og lange arbeidsdagar. (ja/nei)
  4. Eg ønskjer ikkje å kjøpe varer som er produserte av folk som har eit utrygt og dårleg arbeidsmiljø. (ja/nei)
  5. Eg ønskjer ikkje å kjøpe varer frå produsentar som forureinar miljøet eller slepp ut giftige stoff. (ja/nei)

Oppgåve 2. Dobbeltmoral eller latskap?

Norske forbrukarar er positive til bedrifter som praktiserer etisk handel. Likevel gjer dei fleste forbrukarar lite for å sjekke varene og tenestene dei kjøper. Drøft om det kan kome av dobbeltmoral, latskap, mangel på kunnskap eller anna.

Oppgåve 3. Villig til å betale meir?

Varer som er produserte under gode arbeidsforhold og er Fairtrade-merkte, kostar ofte meir enn dei som ikkje er produserte under slike forhold. Er du sjølv villig til å betale ekstra for at dei varene du kjøper, skal vere produserte under gode arbeidsforhold? Grunngi svaret ditt.

Relatert innhald

Fagstoff
Fairtrade

Fairtrade er ei internasjonal merkeordning som sikrar rettferdig handel mellom produsentar i utviklingsland og importørar og forbrukarar i vestlege land.

Skrive av Kjell Rosland og Jannike Gausdal. Rettshavarar: Amendor AS og NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 02.06.2021