Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kafédialog om etikk og moral

I denne oppgåva skal elevane diskutere etikk og moral i kokk- og servitørfag. Verkemiddelet er kafédialog.
Servitør snakkar med gjestane ved eit av borda på ein kafé. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er kafédialog?

Tanken bak denne forma for gruppearbeid er at på ein kafé blir det kvar dag løyst både store og små problem. Når ein sit saman og får servert drikke og noko godt å ete, går samtalen ofte lettare. Ved å ta med oss denne tankegangen inn i klasserommet kan vi på ein uformell måte skape gode diskusjonar og refleksjonar rundt eit tema.

Førebuingar

Vi innreier klasserommet som ein kafé, med fleire sitjegrupper med plass til fire–seks personar. Atmosfæren skal vere hyggjeleg. Vi kan gjerne ha litt dempa belysning, duk på borda og enkel mat eller drikke på dei ulike borda.

Gjennomføring

  1. Kvart bord må få ein vert (ordstyrar). Han eller ho skal notere kva gruppene kjem fram til, og hjelpe deltakarane med å diskutere problemstillinga og finne løysingar. Verten kan vere anten lærar eller elev.

  2. Del inn klassen i grupper på tre–fem personar. Fordel desse på borda, der det sit ein vert med ei problemstilling.

  3. Verten les opp problemstillinga. Gruppa får deretter 15 minutt til å diskutere, svare på eller kommentere ho. Verten noterer ned det gruppa kjem fram til.

  4. Når tida er ute, byter gruppene bord og problemstilling. Dette blir gjenteke inntil alle gruppene har vore innom alle borda.

  5. Til slutt fortel vertane resten av klassen kva svar dei har fått på dei ulike problemstillingane.

Etiske og moralske spørsmål og problemstillingar

  1. Du jobbar som servitør på ein restaurant. Ved eit av borda sit ei gravid kvinne. Ho bestiller alkoholhaldig drikke. Kva gjer du? Er det ulovleg å servere alkoholhaldig drikke til kvinna? Synest du det er riktig å servere kvinna alkohol? Trur du restauranteigaren har moralske retningslinjer som gjeld slike situasjonar?

  2. Du jobbar som kokk på ein populær restaurant. Restauranten er kjend for kortreist mat med lokale råvarer. Du finn ut at kjøtet som blir nytta til dagens biff, er importert frå eit anna land. Vil du framleis lage mat av dette kjøtet og servere det som kortreist og lokalt? Trur du kunden vil merke nokon forskjell? Kva trur du vil skje viss du nektar å lage kortreist mat av importerte råvarer?

  3. Du jobbar som ferskvarehandlar på eit velkjent ferskvareutsal. Sjefen din hentar ut ei kasse med frose kjøt han vil at du skal selje som ferskvare. Til dette kjøtet skal du òg førebu ein del tilbehøyr som du skal kunne anbefale til kundane. Korleis vil du reagere overfor sjefen din? Synest du det er greitt å anbefale kunden ferskt kjøt med tilbehøyr når du veit at kjøtet har vore frose? Trur du kvaliteten på kjøtet vil vere dårlegare?

  4. Ein restaurant som driv med servering av mat til store selskap, inviterer klassen din til å delta i produksjon og servering til eit av dei eksklusive selskapa sine. Dei lagar gourmetmat og skal servere fem rettar til 100 personar. I dette selskapet kjem det òg fem muslimar. Ein av rettane som skal serverast, inneheld svinekjøt. Kjøkkensjefen informerer klassen om at de ikkje må seie frå til muslimane at dei får servert svinekjøt. Han meiner dette er heilt greitt, for dei blir jo ikkje sjuke av kjøtet. Så lenge dei ikkje veit noko, vil det derfor gå bra. Kva bør klassen gjere? Bør de seie frå til kjøkkensjefen at dette er feil? Er det ulovleg? Bør klassen seie nei til å hjelpe til i selskapet?
CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2021

Læringsressursar

Etikk