Hopp til innhald

Fagstoff

Kan bioteknologi redde verda?

Å hevde at bioteknologi kan redde verda, er kanskje å ta hardt i, men teknologien kan vere eit effektivt våpen for å redusere konfliktar som følgje av svolt og vassmangel. Samtidig kan effektivisering av landbruket redusere klimagassutslepp og avskoging.
Eit eple som ser ut som ein appelsin innvendig. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

GMO – nye gen kan gi større avlingar, mindre vassforbruk og høgare næringsinnhald

GMO-mais. Foto.

Plantar kan genredigerast til å tole tørke og auka nedbørsmengder. Dei kan redigerast til å bli meir næringsrike og til å kunne motstå parasittar, sopp og ròte utan bruk av sprøytemiddel. Genredigering kan gi oss matvarer som har lang haldbarheit, og matvarer som er betre for kropp og helse.

Noreg importerer i dag store delar av den maten vi et. Med genredigering kunne vi i langt større grad blitt sjølvforsynte. Matvarene ville òg fått eit mykje mindre klimagassavtrykk viss vi ikkje hadde måtta transportere dei frå andre delar av jordkloden. Mindre transport reduserer dessutan matsvinnet.

Store fordelar, men likevel etiske innvendingar

Bie med radiosendar. Foto.

Når vi ser på fordelane ved genredigering av plantar, er det kanskje vanskeleg å forstå kvifor vi skal late vere.

I Noreg er det ikkje lov til å selje genredigert mat. Mykje av grunngjevinga ligg i «føre var-prinsippet». Det vil seie at vi ikkje skal gjere noko før vi er heilt sikre på konsekvensane.

I USA har menneske ete genredigert mat i fleire tiår. Ein kan ikkje dokumentere negative effektar, men heller ikkje sjå bort frå dei. Det ein har dokumentert, er ein negativ påverknad på økosystema. Monokulturar gir redusert artsrikdom, samtidig som artar kan bli resistente mot sprøytemidla som blir brukte. Det har dei siste åra vore mistankar om ein samanheng mellom den store reduksjonen i talet på insekt og desse sprøytemidla. Det er viktig å merkje seg at det ikkje er den genredigerte planten som er problemet, men sprøytemiddelet han er redigert for å tole.

Ein annan risiko med GMO er forvilling av genredigerte artar. Ein genredigert art kan konkurrere ut stadeigne artar og dermed etablere monokulturar i elles artsrike område. Resultatet er at det biologiske mangfaldet blir mindre.

Plantar, men ikkje dyr

Ku merkt med strekkode. Foto.

Spørjeundersøkingar blant innbyggjarar i Noreg viser at mange stiller seg positive til genredigering av plantar dersom målet er auka produksjon, betre haldbarheit og sunnare mat. Folk flest stiller seg derimot meir tvilande til om det er riktig å redigere dyr med same argument. Kva kan grunnen til det vere?

Patent på gen

Forsking på og utvikling av bioteknologi er kostbart. Den norske bioteknologilova er ei av dei strengaste i verda. I andre land har ein ikkje same avgrensingar på kva som er lov og ikkje, og i nokre land har private selskap ganske frie taumar for forsking så lenge dei finansierer verksemda si sjølve. For å tene pengar på teknologien som blir utvikla, tek ein patent. Det vil seie at selskapet sikrar seg retten til oppfinninga.

Det verkar kanskje greitt når det er snakk om lyspærer eller batteri, men er det greitt å ta patent på gen? Til dømes ein gensekvens som kan redde liv? Når ein eig patentet, kan ein òg velje å ikkje bruke det. Det kan bety at effektive medisinar og behandlingsformer aldri kjem på marknaden, eller at patentet er for kostbart å bruke for dei som treng det.

Kanskje er det ikkje lønsamt å utvikle GMO som kan gi betre avlingar hos fattige bønder i tørkeramma område? Vinteren 2020 blei nesten alle kornavlingane på Afrikas horn etne opp av enorme grashoppesvermar. Kanskje vil GMO kunne gi løysingar på slike katastrofar i framtida, men vil bøndene ha råd til å ta dei i bruk?

Grashoppe som et avling. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Nina Mari Wagner.
Sist fagleg oppdatert 31.05.2020

Læringsressursar

Etikk