Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lei av å bli lurt?

Er det kravet til at ei nyheit skal vere vesentleg, eller talet på klikk som styrer nettjournalistikken?
Portrett av mann med VG-logo i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Går vi bort frå vesentlegheitskriteriet?

I bloggposten "Fordi det er 'vesentlig' ..", publisert 16. april 2012, skreiv tidlegare redaktør i VG Bernt Olufsen dette:

Skolepensum i journalistikk tilsier at det er kravet til vesentlighet som skal styre hva slags oppmerksomhet og spalteplass ulike saker får i media. Men norske medier løper i stadig raskere tempo bort fra kravet til vesentlighet i journalistikken. Det er antallet "klikk" som teller.

[…]

Nettavisenes førstesider bygges bevisst opp i en mix av vesentlige nyheter og rene underholdningssaker. På nettet blir du utsatt for en lokkejournalistikk i beste supermarkedsstil, hvor vekslingen mellom informasjon og avslapning oppleves som attraktiv for leseren. Trafikken øker vesentlig." (Olufsen, 2012)

Oppgåve 1

  1. Studer nettavisa Slik & derfor. Kva slags avis er dette?
  2. Kva er felles for dei sakene som ligg på framsida til denne nettavisa?
  3. Vel ut tre saker som du meiner er vesentlege. Lag alternative overskrifter med vekt på saklegheit og informasjon.
  4. Presenter forslaga dine for resten av klassen. Be om tilbakemelding på kva for overskrifter medelevane dine ville valt å klikke på, overskriftene dine eller dei avisene valde i utgangspunktet.

Oppgåve 2

  1. Lag ei liste over saker som du meiner er typiske "lokkesaker" i fem norske nettaviser. Kva er felles for desse sakene?
  2. Kva er felles for måten overskriftene er utforma på?
  3. Kor på nettsida er sakene plasserte?
  4. Kvifor trur du sakene er plasserte akkurat der?
Kjelde

Olufsen, B. (2012, 16. april). Fordi det er "vesentlig" .. Bernt Olufsen i media. https://berntoluf.wordpress.com/tag/vesentlighetskriteriet/

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 13.11.2018

Læringsressursar

Slik jobbar ein journalist