Hopp til innhald

Fagstoff

Nyheitsjournalistikk

Formidling av nyheiter er kjerneoppgåva i journalistikken. Dei aller fleste som jobbar med journalistikk i Noreg, er derfor nyheitsjournalistar. Nyheiter er informasjon om noko som nettopp har hendt eller nettopp har blitt kjent.
Ein gut med Downs syndrom og ei kvinne les nyheiter i ei avis. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nyheiter er ferskvare

Nyheiter er informasjon om noko som nettopp har hendt eller nettopp har blitt kjent. Nyheiter er dermed ferskvare som raskt går ut på dato. Gårsdagens nyheiter er dårleg stoff.

Media konkurrerer om å vere først ute med ei nyheit. Stemninga i ein nyheitsredaksjon er derfor hektisk. Radioprogram, TV-program og nettaviser sender først ut korte nyheitsbulletinar eller nyheitsmeldingar, som seinare blir utvida med fleire detaljar, og etter kvart òg med bakgrunnsstoff som kan forklare det som har skjedd.

Nyheitsredaksjonen

Ein nyheitsredaksjonen består av journalistar, vaktsjef, fotografar og dei som redigerer nyheitssaker på desken. Redaksjonen er vanlegvis leidd av ein nyheitsredaktør. Det er redaktøren som er ansvarleg for det som går på lufta eller i trykken.

Vaktsjefen jobbar tett saman med redaktørane med å bestemme kva for nokre saker redaksjonen skal jobbe med, ut frå korleis dagens nyheitsbilete ser ut. Han eller ho fordeler arbeidet mellom dei journalistane og fotografane som er på jobb.

Det er nyheitsjournalisten som er ansvarleg for sjølve nyheitsforteljinga. Journalisten les seg opp på saker, oppsøkjer hendingar og snakkar med ulike kjelder. I etterkant gir journalisten nyheitsforteljinga ei form som gjer ho interessant for mottakarane.

Korrespondentar og nyheitsbyrå

Dei store mediehusa har korrespondentar rundt om i landet, og nokre òg i utlandet, som raskt kan reise dit hendingar finn stad, og rapportere direkte ut frå det dei sjølv ser og høyrer.

I videoklippet nedanfor frå NRK Skole rapporterer korrespondent Sigurd Falkenberg Mikkelsen direkte frå konfrontasjonane på Taksimplassen i Istanbul den 3. juni 2013. Mange folk har samla seg på plassen og bygd barrikadar som ein protest mot president Erdoğans innskrenking av ytringsfridommen i Tyrkia.

Tekstversjon av tv-reportasjen

Nyheitsanker i studio

Ja, Sigurd Falkenberg Mikkelsen, du er med oss direkte frå Taksim-plassen i Istanbul. Det har altså vore samanstøyt over heile Tyrkia i dag. Korleis er det på plassen no i kveld?

Reporter

Nei, no flyg det eit politihelikopter over plassen, og kvar gong det nærmar seg, så blir det møtt det av ein veldig pipekonsert. Men trefningane mellom politi og demonstrantar har roa seg no. Dei har gått føre seg no i natt, og også i kveld, i Beşiktaş, i nærleiken av statsministerbustaden, men akkurat no har dei trefningane roa seg. Det har vore ein dag med menneske på plassen, ein del menneske. Men det har vore ein arbeidsdag, så det har vore litt meir glissent enn dagane før. Og så har han då blitt fylt meir opp i løpet av ettermiddagen og kvelden.

Nyheitsanker i studio

Dei har også bygd barrikadar, så vidt eg veit?

Reporter

Dei har bygd store barrikadar. Det er eit veldig system dei har, særleg i gatene som leier frå Taksim-plassen ned til Beşiktaş. Der mista eg teljinga då eg gjekk opp i stad. Det er mursteinhaugar, og det er meir kompliserte strukturar med metall, stolpar … Og det er heilt klårt at demonstrantane her ikkje har tenkt å gje frå seg kontrollen over denne plassen til politiet med det første.

Nyheitsanker i studio

Statsminister Erdoğan seier frå Marokko i kveld at situasjonen i Tyrkia no roar seg, og at når han kjem heim om fire dagar, så er det over. Er det nokon grunn til å tru at han får rett?

Reporter

Det verkar ikkje slik no, i alle fall. Og Tayyip Erdoğan har jo vore i utakt med demonstrantane heile vegen, og det har også ført til mykje av sinnet her på plassen og blant folk som ikkje røyster på AKP, partiet hans

Mindre mediehus må nøye seg med å gi att meldingar frå nyheitsbyrå. Norsk Telegrambyrå (NTB) er det leiande nyheitsbyrået i Noreg. Men norske medium abonnerer òg på nyheiter frå internasjonale nyheitsbyrå, som britiske Reuters og amerikanske Associated Press.

Kjenneteikn ved nyheitsjournalistikk

Nyheitsmeldingar er refererande journalistikk. Journalisten fortel kva som har skjedd, kvar det skjedde, og kven som har vore involvert i det som skjedde.

Men dersom saka er stor nok, vil journalisten i neste omgang hente inn reaksjonar på det som har skjedd, frå augnevitne og ansvarlege styresmakter, kanskje i form av ein reportasje, og prøve å setje det som skjedde, inn i ein samanheng som gir hendinga ei meir allmenn betydning.

Ein bil med naudlysa på står på kanten av eit jordras. Fleire hus er tekne av raset. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Døme: Nyheitsdekning av leirraset på Gjerdrum 30.12.2020

Overskriftene er henta frå nettavisa Folkebladet, som blir gitt ut på Finnsnes i Troms.

Nyheitsmelding 30.12. kl. 07:44:

Mellom 150 og 200 er evakuerte etter raset i Gjerdrum Mellom 150 og 200 personer er evakuert etter at et stort jord- og leirskred i Ask på Gjerdrum i Viken. Flere hus er tatt av skredet.

– Raset har gått i et boligområde, og det er på det rene at hus er tatt av raset. Alle nødetatene er på stedet, og vi jobber med å få oversikt og evakuere beboere, opplyste operasjonsleder Kjetil Ringseth i Øst politidistrikt til NTB litt før klokka 6.

Oppfølging med intervju med augnevitne 30.12. kl. 12:21:

– Det var bare å få på klærne og komme seg i sikkerhet

Reaksjonar på hendinga 30.12. kl. 22:50:

1.000 mennesker er nå evakuerte etter skredet i Ask i Gjerdrum kommune onsdag. Skredet er trolig det største kvikkleireskredet i nyere tid, ifølgj NVE.

Hendinga blir sett inn i ein vidare kontekst 5.1. kl. 12:05:

Flere i Midt-Troms bor på kvikkleire — se de kartlagte forekomstene her

Hendinga blir kommentert 13.1. kl. 12:42:

(Kronikk) Stort ansvar for kommunen og utbyggere

Sensasjonelt og konfliktdrive innhald

Det fleste nyheiter handlar om sensasjonelle hendingar eller konfliktar mellom personar, institusjonar og statar. Jo sterkare konflikt, dess høgare nyheitsverdi. Og jo meir sensasjonell ei sak er, dess fleire klikk får saka. Derfor forsvinn ofte viktige saker der dei fleste er einige, i nyheitsflaumen. Det same skjer med kvardagshendingar som gjeld mange av oss. Slike saker er rett og slett for trivielle til å få merksemd.

Konfliktar gjer nyheiter interessante, men ikkje for alle. Kanskje du er ein av dei som føler at nyheiter berre handlar om krig og elende? Då er du ikkje åleine. I bacheloroppgåva Håpløse nyheter? – En analyse av unge voksnes møte med konstruktiv nyhetsjournalistikk i NRK (2020) undersøkjer Nora Kirkvold Sæter korleis konfliktorientering og negative framstillingar kan føre til at fleire unge bevisst unngår å følgje med på nyheitene.

Det er viktig å få kunnskap om dramatiske hendingar og dei store konfliktane i samfunnet. Men covid-19-pandemien har lært oss at i vanskelege tider treng menneske òg nyheiter som handlar om løysingar og håp.

Kjelder

Sæter, N.K. (2020). Håpløse nyheter?: En analyse av unge voksnes møte med konstruktiv nyhetsjournalistikk i NRK [Bacheloroppgåve]. Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Folkebladet (2021). Tema: Raset i Gjerdrum. Henta 12. mars 2021 frå https://www.folkebladet.no/tema/raset_i_gjerdrum/


CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 12.03.2021

Læringsressursar

Slik jobbar ein journalist