Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ei nyheitsmelding for radio

Skriv ei nyheitsmelding for radio basert på ei dagsaktuell sak du finn på nett. Meldinga skal bestå av tre setningar. Legg vekt på objektivitet.
Manus, mikrofon oglydopptaker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Øv deg på å lese saka høgt. Spel inn ved hjelp av ein mobiltelefon/lydopptakar, eller framfør for kvarandre i klassen.

Lytt gjerne til ei utgåve av NRK Dagsnytt for å høyre korleis ei nyheitsmelding høyrest ut.

CC BY-SASkrive av Jone Nikolai Nyborg.
Sist fagleg oppdatert 22.12.2017

Læringsressursar

Slik jobbar ein journalist