Hopp til innhald

Fagstoff

Kriminal- og rettsjournalistikk

I kriminalsaker skal journalisten dekkje informasjonsbehovet til allmenta, men mange journalistar vel òg å etterforske kriminalsaker på eiga hand. Media har ansvar for å overvake domstolane, og bør unngå å førehandsprosedere saker som skal behandlast i rettssystemet.
Minnestad i skogen med blomstrar og mange små kosedyr. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kriminaljournalistikk

Når ein samfunnsborgar blir utsett for ei kriminell handling, angår det ikkje berre vedkomande sjølv, men òg samfunnet som fellesskap. Derfor er det staten som er den klagande parten i straffesaker.

Rolla til journalisten i kriminalsaker er primært å informere om kva som har skjedd, kvar det skjedde, og kvifor det skjedde. Dei viktigaste kjeldene er etterforskarane til politiet. Men politiet ønskjer ofte å halde tilbake informasjon i etterforskingsfasen. Journalisten prøver derfor å hente tilleggsinformasjon frå moglege augnevitne, og gjer nyheitsforteljinga personleg med utsegner frå naboar, kollegaer og kjenningar av offer og gjerningspersonar.

Kriminalsaker pirrar nysgerrigheita vår. Derfor er det freistande for journalisten å ta med pikante og blodige detaljar i omtalen av det som har skjedd. Slik får saka fleire klikk i nettavisene. Mange prøver òg å kome "tett på" kjenslene til dei som er ramma av hendinga, sidan det tilfredsstiller "kikkar-mentaliteten" vår. Mange pårørande opplever dette som ei stor belastning.

Undersøkjande kriminaljournalistikk

Dei siste tiåra har kriminaljournalistikken utvikla seg i retning av meir undersøkjande journalistikk, der journalisten jobbar parallelt med politiet for å finne fram til truverdige vitne og bevis som styrkjer eller svekkjer politiet sitt hovudspor i saka. Aviser og nettaviser ber òg om tips frå publikum, og inviterer publikum til å bidra med eigne bilete og videopptak frå åstaden.

Nå er kriminaljournalistikken blitt til viktig undersøkende journalistikk med et vell av kilder. Journalistens rolle har blitt mer like etterforskerens.
– Bernt Olufsen

Faren med denne typen journalistikk er at journalisten kan påverke vitne og forstyrre politiarbeidet. Fordelen er at pressa kan avdekkje feil og manglar og forhindre maktmisbruk frå politiet.

Ei rekkje fjernsynsdokumentarar og podkastar har dei siste åra teke for seg eldre kriminalsaker og gjort ei kritisk vurdering av politiarbeidet og bevisføringa i retten. Føremålet er å avdekkje om folk er feilaktig dømde for noko dei ikkje har gjort. Dette kan vere god, kritisk journalistikk. Samtidig er det nok òg slik at dei kommersielle media merkar at historier om "true crime" sel godt.

Orderud-saka er eit døme på ei sak som vart breitt dekt av media, både då drapa fann stad i 1999, og i nyare dokumentarar og podkastar.

I dag finst det mange medium og andre nettstader som formidlar informasjon om kriminalsaker, og nokre ber publikum kome med tips til oppklaring av saka. Døma nedanfor handlar om Orderud-saka.

Snakk med ein medelev

  • Kjenner de til andre kriminalsaker som har fått mykje merksemd i media?

  • Kvifor har dei fått så mykje merksemd?

  • Kjenner de til saker som har blitt tekne opp til ny vurdering i rettssystemet som følgje av journalistisk arbeid?

  • Kva for nokre positive og negative konsekvensar kan det ha når journalistar jobbar aktivt for å få saker opp på ny i retten?

Journalisten som kommentator

Store mediehus, som NRK og Aftenposten, har kompetente journalistar som har som hovudoppgåve å kommentere etterforskinga av kriminalsaker og behandlinga av slike saker i rettsvesenet. Det gir tyngd til journalistikken på saksfeltet.

Kommentatorane forklarer korleis politiet jobbar, kva som finst av bevis, og kva for nokre juridiske vurderingar aktor, forsvarar og dommar i straffesaka gjer, på ein måte som gjer det lettare for allmenta å forstå kva saka handlar om. Men det er viktig å ha i bakhovudet at kommentaren er ein subjektiv sjanger, der journalisten gir uttrykk for sine eigne vurderingar.

Kriminal- og rettsjournalistikk som narrativ

I nyheitsforteljinga om kriminalsaker er det freistande å nytte velkjende narrativ som handlar om konfliktar mellom det gode og det vonde, heltar og skurkar, offer og overgriparar, eller "dei" og "oss". Verkelegheita er ofte ikkje så enkel. Offer kan òg vere slemme, skurken kan sjølv vere eit offer, og "innvandraren" kan vere heilt ulik andre med same bakgrunn.

I kriminaljournalistikken kan forteljinga lett bikke over frå å vere faktabasert informasjon til å bli ei underhaldande kriminalforteljing. I slike tilfelle kan det vere freistande å utelate informasjon som ikkje byggjer opp under det grunnleggjande narrativet.

Døden i kårhuset

I masteroppgåva Døden i kårhuset: journalistikk som krimfortelling beskriv Linda Glomlien korleis Dagbladet tildelte hovudpersonane i Orderud-saka roller og karaktertrekk som er kjende frå fiksjonslitteraturen. Journalistane la vidare vekt på å skildre stemningar og kjensler og å presentere plottet på ein måte som har tydelege likskapstrekk med kriminalromanar og krimseriar.

Advokat John Christian Elden blir intervjua av pressa utanfor rettssal 250 i Oslo tinghus. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Prosedyre i media

Rettsjournalistikk har alltid vore ein viktig del av pressa si oppgåve i samfunnet. Media skal overvake domstolane, på same måte som dei overvaker Stortinget og regjeringa. Det finst likevel kritiske røyster som hevdar at media ikkje lenger berre er ei vaktbikkje, men òg ein aktør i straffesaker.

Mange straffesaker blir i dag prosederte i media før rettssakene startar. Både påtalemakta, forsvararar, bistandsadvokatar og sakkunnige bruker pressa aktivt for å skape forståing og sympati for sine interesser før saka kjem opp i tingretten. Nokre har til og med bevisst leke fortruleg informasjon til media.

Eit kvitt berenett i tøy er stilt opp på ein pult. Motivet er ein emoji med glorie og teksten "Piken som lekte med Elden". Foto..
Opne bilete i eit nytt vindauge

Integriteten og ansvaret til pressa

Ver Varsam-plakaten pålegg pressa å verne om ytringsfridommen. Ein journalist skal ikkje gi etter for press frå nokon som vil hindre open debatt, fri informasjonsformidling og fri tilgang til kjeldene. Men plakaten seier òg noko om kriminaljournalistikk og journalistens integritet og ansvar:

2.2 Redaktøren og den einskilde redaksjonelle medarbeidar skal verne om si uavhengigheit, integritet og truverde. Unngå dobbeltroller, verv, oppdrag eller bindingar som kan skape interessekonfliktar eller føre til spekulasjonar om inhabilitet.

4.5 Unngå førehandsdømming i kriminal- og rettsreportasje. Gjer det klart at skuldspørsmålet for ein mistenkt, meld, sikta eller tiltalt først er avgjort ved rettskraftig dom. Det er god presseskikk å omtale ei rettskraftig avgjerd i saker som har vore omtalte tidlegare.

4.6 Ta omsyn til korleis omtale av ulykker og kriminalsaker kan verke på offer og pårørande. Identifiser ikkje omkomne eller sakna personar utan at dei næraste pårørande er varsla. Vis omsyn overfor menneske i sorg eller ubalanse.

4.7 Ver varsam med bruk av namn og bilete og andre klare identifikasjonsteikn på personar som vert omtalte i samband med klanderverdige eller straffbare forhold. Ver særleg varsam ved omtale av saker på eit tidleg stadium av etterforskinga, i saker som gjeld unge lovbrytarar, og i saker der identifiserande omtale kan føre til urimeleg belastning for tredjeperson. Identifisering må grunngivast i eit rettkome informasjonsbehov. Det kan til dømes vere rettkome å identifisere når det er overhengande fare for overgrep mot forsvarslause personar, ved alvorlege og gjentekne kriminelle handlingar, når identiteten eller samfunnsrolla til den omtalte har klar relevans til dei forholda som vert omtalte, eller der identifisering hindrar at uskuldige blir utsette for grunnlaus mistanke.

Media sitt dilemma i terrorsaker

Massedrapsmannen Anders Behring Breivik, som angreip Regjeringskvartalet og AUFs sommarleir på Utøya, har 77 liv på samvitet. Han oppgav sjølv at eit viktig motiv for handlinga var å få mediemerksemda retta mot han og bodskapen han ville formidle. Dette ønsket deler han med terroristar over heile verda.

Det som kjenneteiknar slike saker, er altså at gjerningspersonane har ein medviten og nøye planlagd mediestrategi. Dramatiske og spektakulære hendingar er alltid godt stoff for media, og nokre hevdar at media har plikt til å gi rom òg for denne typen ytringar. Andre tek til orde for å teie terroristane i hel og sørgje for at dei ikkje kjem i fokus.

Les meir

Medieviter Svein Brurås ved Høgskulen i Volda har forska spesielt på presseetikk i samband med 22. juli-terroren.

Les Brurås' artikkel "The Violent Hero Model" på bloggen hans.

Kjelder

Røssland, L.A. (2019, 11. februar). Krim ut av skammekroken til journalistikken. Journalisten. https://journalisten.no/kriminaljournalistikk-krimjournalistikk-lars-arve-rossland/krim-ut-av-journalistikkens-skammekrok/350496

Barland, J. (2019). Kunnskapsrik og litt beskjedent om krimjournalistikk. Norsk Medietidsskrift, 106(3), 1–3. https://www.idunn.no/nmt/2019/03/lars_arve_roessland_norsk_kriminaljournalistikk_etter_2000

Glomlien, L. (2003). Døden i kårhuset: journalistikk som krimforteljing [Masteroppgåve]. Universitetet i Oslo.

Pressas faglege utval (2021).Ver Varsam-plakaten. https://presse.no/pfu/etiske-regler/vaer-varsom-plakaten/vvpl-nynorsk/

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 09.04.2018

Læringsressursar

Slik jobbar ein journalist