Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag eit videointervju

I denne oppgåva skal du lage eit videointervju som set søkjelyset på eit aktuelt tema. Her får du prøve deg som journalist. Du skal formulere intervjuspørsmål, gjennomføre intervjuet på location og til slutt redigere videointervjuet og gjere det klart for publisering.
Ei ung jente smiler og rekkjer fram ein mikrofon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsoppdrag

Lag eit videointervju med to personar der du set søkjelyset på eit aktuelt tema. Du vel vinkling på saka sjølv. Du skal òg filme relevante klippebilete som skal leggjast på intervjuet. Videointervjuet skal til slutt gjerast klart for publisering på nett.

Døme på tema

  • trening og kosthald
  • press og stress blant unge
  • rasisme og hets i sosiale medium

Kva er vinkling?

Vinkling handlar om kva side ved ei sak du vel å fokusere på. Om du jobbar med temaet trening og kosthald, kan vinklinga til dømes vere å setje søkjelys på ein ung person som har valt å endre kosthaldet sitt for å få maksimalt ut av treninga.

Framgangsmåte

1) Førebu intervjuspørsmål

  • Formuler fleire opne spørsmål til intervjuobjekta dine. Du bør ha minst seks opne spørsmål klare før du startar intervjuet.
  • Hugs: Gode spørsmål gir interessante svar! Det er viktig at intervjuobjekta og intervjuspørsmåla er relevante for saka.

2) Gjennomfør videointervjuet

  • Du kan filme intervjuet med mobiltelefon eller videokamera. Bruk mikrofon om du har tilgang på det.
  • Film i breiddeformat. Ver medviten om utsnitt og lyd- og lysforhold, og vel ein passande location for intervjuet. Om temaet til dømes er trening og kosthald, kan du gjere intervjuet på eit treningssenter eller på kjøkkenet til intervjuobjektet.
  • Still opne spørsmål, og lytt aktivt til svara du får. Still oppfølgingsspørsmål om det er nødvendig.
  • Ta ein sjekk av bilete og lyd før du avsluttar opptaket på location.

3) Klippebilete

  • Du må ha bilete av intervjuobjektet i ulike situasjonar som kan knytast til saka og til det intervjuobjektet snakkar om.
  • Om du har temaet trening og kosthald, kan du filme klippebilder av at intervjuobjektet ditt trenar. I tillegg treng du bilete av at intervjuobjektet handlar, lagar eller et mat. Du treng altså klippebilete av det intervjuobjektet snakkar om i intervjuet.
  • Klippebilete må ha ulike utsnitt, sidan dei skal brukast til å leggje over intervjuet.

4) Etterarbeid og publisering

  • Til slutt redigerer du videointervjuet.
  • Det er viktig at det er samsvar mellom det som blir sagt, og klippebileta du legg over intervjuet.
  • Lever i eit filformat som er klart til publisering på nett.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 09.03.2021

Læringsressursar

Slik jobbar ein journalist