Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kriminalreporter på jobb

Det har no skjedd eit gjennombrot i den såkalla Anne-saka, og politiet har kalla inn til pressekonferanse klokka 10. Politietterforskar Nina Storevik og vikarierande politisjef Sturla Vik leiar pressekonferansen.

Dette er saka

17 år gamle Anne har i 14 dagar vore sakna frå heimen i Ålandsbygda, der ho bur saman med foreldra og to yngre søsken. I det som media no kallar ”Anne-saka”, har politiet gjennomført eit intenst etterforskingsarbeid. Politiet har stadig trappa opp arbeidet med det som ein etter kvart har frykta skulle bli ei alvorleg kriminalsak. Heile bygda har vore prega av denne hendinga, som har fått stor merksemd i media. No er det skjedd eit gjennombrot i saka, og det er kalla inn til pressekonferanse klokka 10 hos politiet i Ålandsbygd.

Oppdrag: Dekk saka som journalist

Du er journalist og skal dekkje saka saman med ein fotograf. De er med på pressekonferansen og brukar resten av dagen til å drive research i bygda. Mellom anna intervjuar de ulike menneske med tilknyting til dei impliserte.

Når du jobbar med oppdraget, må du bruke det du har lært om kjeldekritikk, rettsjournalistikk og presseetikk. Vurder:

  • Kva for kjelder er truverdige? Kva er sladder, og kva er fakta?
  • Kva for informasjon er relevant for saka?
  • Kva for presseetiske omsyn må du ta når du omtaler ei så alvorleg sak?
  • Korleis unngår du å døme nokon på førehand eller påverke det som skal skje i rettssystemet?

Intervju med personar som kjende Anne

Oppgåve 1

Skiv ei kort nyheitssak frå pressekonferansen til nettavisa i dag.

Oppgåve 2

Skriv ei nyheitsmelding til avisa neste dag.

Oppgåve 3

Skriv ein tosiders reportasje til laurdagsutgåva.

Vel sjølv overskrifter, ingressar og bilete til alle tre sakene.

Tips

  • Vel kva for ei avis du vil skrive for.
  • Tenk gode overskrifter.
  • Vel interessante bilete med relevant biletinnhald.
  • Bruk ei vinkling som treffer målgruppa til avisa.
  • Belys saka frå fleire sider.
  • Ta vare på det menneskelege elementet (”human touch”).
  • Ta med nødvendige saksopplysningar (faktaboks).
  • Balansér subjektive og objektive synspunkt.
  • Ver nøye med korrekt attgiving av det intervjuobjekta seier.
  • Sjekk at innhaldet er i samsvar med Ver Varsam-plakaten.

Overordna problemstillingar som du bør tenkje på:

  • Viktige presseetiske prinsipp
  • Kjeldekritikk

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jostein Saakvitne. Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 09.03.2021

Læringsressursar

Slik jobbar ein journalist