Hopp til innhald

Litterære tekstar

Gøymt bak ein e-post

Den kritiske journalistikken blir angripen frå mange hald. Eit av dei farlegaste åtaka kjem som e-post.
Medling i Putlook om ny e-post. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mediekommentar av Sven Egil Omdal

Den vesle formuleringa dukkar opp stadig oftare: Statsråden, direktøren eller kommunikasjonsrådgjevaren «skriv i ein e-post». Utsegnsverba blir gradvis borte. Makta seier mindre, ho uttalar seg sjeldnare, men skriv desto oftare «i ein e-post». Kvar einaste dag har avisene avsnitt som dette eksempelet, henta frå ein reportasje i Klassekampen om ein afghansk asylsøkjar som blei forsøkt tvangsreturnert med dei to barna sine, men som ikkje fekk sleppe inn i Afghanistan:

PU (Politiets utlendingsenhet) ønsker ikke å stille til intervju om saken, og ønsker heller ikke å kommentere de konkrete uttalelsene fra tobarnsmoren, men skriver i en e-post signert kommunikasjonsrådgiver Tuva Otterlei Blikom: «Vi kjenner oss ikke igjen i denne beskrivelsen, men har forståelse for at familier som blir uttransportert opplever dette som en vanskelig situasjon å være i.»

I eit intervju ville journalisten raskt kunne peike på at «God dag mann, økseskaft» ikkje er eit reelt svar. Spørsmålet gjaldt ikkje det generelle kjenslenivået til utviste asylsøkjarar, men det oppsiktsvekkjande faktumet at Afghanistan nektar å ta imot ei mor og to små barn, fordi det ikkje er trygt for dei.

Men journalisten får ikkje høve til å gjenta spørsmålet og be om eit betre svar, fordi kommunikasjonen er tvunge inn i eit format der makta, i dette tilfellet Politiets utlendingseining, har total kontroll. E-post er send, ferdig med det.

Intervjuet er det mest vanlege verktøyet for journalistar, anten det er harde nyheiter eller mjuke featurar som skal produserast, og oppfølgjingsspørsmåla er vanlegvis dei viktigaste. Ved å lytte etter det halvt usagte, sjølvmotseiingane, forsøk på å fråskrive seg ansvar eller usanningar, kan journalisten flytte saka vidare ved å stille nye, gode spørsmål.

Det er dette både næringslivet og offentleg forvalting har oppdaga, og det kan verke som om samtlege kommunikasjonsrådgjevarar har vore på same kurset. Førespurnader om intervju blir stadig oftare avviste, dei som gjer vedtak, trekk seg inn i lukka rom, medan kommunikasjonsrådgjevarane sender ein e-post.

Metoden ser heilt tilforlateleg ut. Det er jo slik kommunikasjon går føre seg i dag, vi sender skriftlege meldingar i e-post, i chattar og som SMS. Dessutan blir jo sitata korrekte når kjelda sjølv formulerer dei skriftleg. Så kva er problemet?

I mange tilfelle er det ikkje noko problem. Når saka er ukontroversiell og det berre er snakk om å få kontrollert faktiske opplysingar, kan e-posten vere både meir effektiv og tryggare enn ein telefonsamtale eller eit fysisk intervju. Mange journalistar vel også sjølve å sende e-post eller SMS med spørsmål i staden for å ringe.

Men, som det er sagt, journalistikk er å publisere det nokon ønskjer å halde løynt, resten er PR. Det er når nokon har noko dei gjerne vil skjule, i saker som er vanskelege for makta, at metoden med å gøyme seg bak e-posten har fått eit valdsamt oppsving. Journalisten får beskjed om å sende spørsmåla sine skriftleg, så vel kommunikasjonsavdelinga ut kven av desse dei vil svare på. Journalisten veit ikkje eingong om den personen som blir oppgitt som intervjuobjekt, faktisk har sett spørsmåla. Oppfølging og utdjuping kan dei berre gløyme. Dei avanserte kommunikasjonsrådgjevarane veit når det er deadline i kvar enkelt redaksjon, og sørgjer for å svare så seint at det ikkje blir tid til nok ein runde.

Nokre redaksjonar forsøker å slå tilbake, slik Klassekampen her gjorde, ved å presisere at dei ikkje har fått noko intervju, men berre ein e-post. Sida ei slik openheit avslører korleis makta forsøker å unndra seg den konfrontasjonen som ofte er naudsynt i journalistikken, er det blitt stadig vanlegare å kontre med eit nytt krav: Vi skal svare i ein e-post, men berre om de ikkje skriv at vi svarer i ein e-post.

Private selskap gjer som dei vil, det er meir alvorleg at også leiarar i offentleg verksemd trur at det er ein lur strategi å gøyme seg for den offentlegheita dei skal tene.

CC BY-SASkrive av Sven Egil Omdal.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2018

Læringsressursar

Slik jobbar ein journalist