"Historier om fattigdom" – kjelder og representasjon
Det er ekstremt frustrerende å sitte med følelsen av skam, av å ikke strekke til og mestre livet. (Monika Schelander, Jeg pantet flasker for å få råd til min sønns bursdag, 6. desember 2019)
Fattigdommen i Noreg aukar. Tobarnsmora Monika Schelander har levd med økonomiske utfordringar i mange år. I Bergens Tidenes artikkelserie “Historier om fattigdom” står ho fram med historia si. Fattige menneske er ei gruppe som sjeldan slepper til som kjelder og intervjuobjekt i media.
“Historier om fattigdom” består av ei rekkje artiklar og debattinnlegg. Her løfter avisa fram dei fattige sine eigne historier. Gjennom ei rekkje debattinnlegg og nyheitsartiklar er målet å skape forståing for dei som har mindre enn dei fleste. Historiene gir eit nytt perspektiv på fattigdom.
Monika Schelander måtte pante flasker for å få råd til bursdagsfeiringa til sonen. I debattinnlegget skriv ho om tankane og kjenslene sine, og ho blir eit talerøyr for dei fattige. Monika Schelander og dei andre bidragsytarane i «Historier om fattigdom» vart kåra til årets debattant av Bergens Tidende.
1) Les gjennom teksten til Monika Schelander
Jeg pantet flasker for å få råd til min sønns bursdag
2) Sjå intervjuet med Kristine Holmelid frå Senter for undersøkende journalistikk
3) Svar på desse spørsmåla
- Kva tenkjer du om debattinnlegget til Monika Schelander?
- Har denne teksten gitt deg eit nytt perspektiv på fattigdom i Noreg? Grunngi svaret ditt.
- Kvifor samarbeider Senter for undersøkende journalistikk med Bergens Tidende om artikkelserien?
- Fattige menneske er eit eksempel på ei gruppe som sjeldan kjem til orde og har liten innverknad i samfunnet. Kvifor er det viktig å sikre at denne gruppa blir representert og høyrd i media?
- Kvifor trur du Monika Schelander og dei andre bidragsytarane vart kåra til årets debattant av Bergens Tidende?
- Du kan lese gjennom dei andre debattinnlegga i BT-serien her: Historier om fattigdom