Kjønn i media
Eit kinesisk ordtak seier at kvinna ber halve himmelen. Dessverre gjeld ikkje dette for nyheitsarenaen. The Global Media Monitoring Project (GMMP) er eit prosjekt som kartlegg korleis kvinner og menn er representerte i nyheitsbiletet. Undersøkinga, som vart gjennomført i 108 land i 2010, avdekte at kvinner var grovt underrepresenterte i nyheitsdekninga.
Ei fersk norsk undersøking frå 2020, som er med i GMMP, viser at i dag er 40 prosent av alle norske tv-kjelder kvinner. Undersøkinga er basert på nyheitsoppslag i løpet av éin utvald dag. Situasjonen har altså endra seg til det betre i løpet av det siste tiåret, sjølv om menn framleis er i fleirtal. Det står likevel dårleg til i aviser. Her er framleis berre 28 prosent av nyheitskjeldene kvinner. I radio er 36 prosent av nyheitskjeldene kvinner.
I GMMP-undersøkinga ligg Noreg likevel på topp i Norden når det gjeld kor synlege kvinner er i media. Kanskje det ikkje er så rart, sidan vi dei siste åra har hatt kvinneleg statsminister, finansminister og utanriksminister, og desse er naturleg nok aktuelle nyheitskjelder. Men ei undersøking frå 2020 viser at mannlege professorar framleis blir nytta som kjelder i langt større grad enn kvinnelege professorar.
Dei siste åra har det blitt fleire kvinnelege journalistar og kvinnelege redaksjonssjefar i dei store mediehusa. Men ein kvinneleg journalist vel ikkje nødvendigvis å bruke ei kvinneleg nyheitskjelde. Kvinner seier òg oftare enn menn nei til å bli brukte som kjelder.
Professor i journalistikk Elisabeth Eide har i mange år forska på kvinners representasjon i media. Ifølge henne er ikkje problemet berre at kvinner er underrepresenterte i media, men òg måten kvinner blir framstilt på (Kvalsnes, 2021).
I omtalar av kvinner legg media til dømes meir vekt på utsjånad og antrekk enn i omtalar av menn. Enkelt sagt: For å få spalteplass som kvinne hjelper det å vere kjend, naken eller sexy!
I samband med kvinnedagen 8. mars stilte Christine Dancke typiske "kvinnespørsmål" til fleire kjende menn på raud løpar, les meir om det her:
NRK P3: Stian Blipp blir helt satt ut
Undersøkingar viser òg at kvinner i større grad enn menn blir kopla til familieliv og omsorg. Ifølge Elisabeth Eide tek journalistar gjerne opp privatliv og familieliv som ein større del av identiteten til kvinner enn dei gjer med menn.
Ingrid Dahlen Rogstad ved Institutt for samfunnsforsking gjennomførte i 2013 ein studie av korleis kvinnelege politikarar vart omtalte i media (Øistad, 2013). Ho fann at media legg større vekt på personlege forhold og det politiske spelet i omtalen av kvinnelege politikarar, mens omtalen av mannleg politikarar dobbelt så ofte handlar om politiske saker.
Media liker å framstille seg sjølve som eit spegelbilete av det som rører seg i samfunnet. Men ifølge professor Jostein Gripsrud er ikkje media nøytrale formidlarar av verkelegheita (Gripsrud, 2015). Media vel ut, behandlar og vinklar innhaldet. Medieinnhaldet blir ein slags konstruksjon av det som blir framstilt.
Professor Elisabeth Eide omtaler "mediespegelen" som ein vridd spegel som lyg. At kvinner delvis er usynleggjorde i norske medium, fører til at dei ser på seg sjølve som mindre betydelege samfunnsborgarar. Det kan i neste omgang dempe interessa deira for viktige samfunnsspørsmål og demokratisk deltaking.
Det kan vere mange grunnar til at kvinner er underrepresenterte i media.
- Menn er i klart fleirtal blant dei som skriv, fotograferer og redigerer i media.
- Media fokuserer på elitane; journalistane skriv om leiarar i samfunnet.
- Kvinner er mindre offensive og er mindre tilhuga til å bruke media som arena.
- Menn har lettare for å snakke det bastante og konkrete språket som media etterspør.
- For journalistar er det ofte vanskeleg å finne gode kvinnelege kjelder.
- Kvinnelege journalistar må tilpasse seg redaksjonane dei kjem til, og ein tradisjonell maskulin tenkemåte.
- Det verkar som nyheitskriteria i si enklaste form, altså at ein vel å skrive forenkla og litt tilspissa, fell litt lettare for menn.