Representasjon i mediene
Medborgarskap inneber at du som samfunnsborgar blir sett og høyrd. Representasjon i media handlar om korleis ulike samfunnsgrupper blir gjort synlege og kjem til orde. Media kan bidra til stigmatisering, men også motverke fordommar mot utsette grupper.