Oppgåve
Vurder innhaldet i ei kvensk avis
Ruijan Kaiku er ei fri og uavhengig nyheitsavis for kvener, norskfinnar og finlendarar i Noreg. Avisa er den einaste norske avisa som prioriterer kvensk og finsk stoff.
- Kva språk er avisa skriven på?
- Kvifor trur du det er slik? Tenk deg grundig om før du svarer.
- Lag ei liste over hovudoppslaga i Ruijan Kaiku. Grupper sakene tematisk. Kva handlar dei om?
- Sjekk om nokre av desse sakene er dekte i andre norske aviser. Viss ikkje, kvifor trur du det er slik?
- Viss fleire aviser dekkjer same sak: Er sakene vinkla på same måte? Forklar eventuelle forskjellar.
- Kva betydning trur du aviser som Ruijan Kaiku har for nasjonale minoritetar i det norske samfunnet?
Relatert innhald
Fagstoff
Minoritetsaviser i NoregI Noreg finst det i dag aviser på minoritetsspråka samisk og kvensk. Nokre innvandrarar les helst aviser frå heimlandet, på morsmålet.