Stigmatisering av minoritetar i media
Stigmatisering betyr å tilleggje menneske som høyrer til ei bestemt gruppe i samfunnet, negative eigenskapar. Minoritetsgrupper er spesielt utsette for stigmatisering, fordi dei representerer noko som er ulikt frå majoriteten i samfunnet, anten det er utsjånad, språk, kultur, funksjonsevne eller legning. Dei er med andre ord ikkje som "oss".
Forsking viser at framstillinga av minoritetar i media ofte er problemorientert. Representantar for ulike minoritetsgrupper blir framstilte som rare, dumme, spesielle, eksotiske eller farlege.
Men media kan òg hamne i den andre grøfta og omtale minoritetar som hjelpelause offer som vi bør synast synd på. Begge delar er stigmatiserande.
Måten urfolk er representerte på i media, speglar fordommar mot urfolk verda over, anten det dreier seg om samar, inuittar, nordamerikanske urfolk (Native Americans), eller aboriginar.
Historisk blei dei kalla "primitive folkeslag" eller "naturfolk". Slike førestillingar pregar til ei viss grad framleis media si framstilling av urfolk.
I 2012 tok kommunikasjonsrådgivar og bloggar Pål Hivand (Kvernmo, 2012) eit oppgjer med Medie-Noreg, som han meinte framstilte samane som idiotar, eller enkle, litt dumme urmenn som ikkje forstår seg på noko.
– Det er enkelt å lage en "god sak" på, det skaper gjenkjennelse, det er leservennlig, konfliktorientert og gjør stort sett samen til "idioten" – altså noe de fleste kan kjenne igjen i egne fordommer og det dreier som regel ikke om det som er selve saken – i dette tilfellet "uniformen".
Motpolen er dei "superkorrekte" media. Nokon har spøkefullt sagt at NRK alltid sørgjer for å ha ein same, ein homofil og ein farga person med i alle musikkonkurransar.
I podkasten nedanfor samtaler programleiar Sarah Natasha Melbye med førsteamanuensis Jens Barland og den samiske komikaren Trine Lise Olsen om korleis samar er representerte i norske medium i dag.
Professor Eli Skogerbø ved Universitetet i Oslo står bak forskingsartikkelen Konflikt eller kuriosa (Skogerbø, 2000). Der skriv ho at det i skandinaviske studiar er ein tendens til at minoritetar blir marginaliserte og presenterte mindre nyansert enn majoritetsbefolkninga. Ho skriv dessutan at biletet som blir presentert, inneheld fleire klisjear og fleire stereotypiar.
Ho meiner likevel det er ein forskjell mellom framstillinga av den samiske urbefolkninga og innvandrarar frå ikkje-europeiske land. Nyheitssaker i norske medium som handlar om den samiske befolkninga, dreier seg ofte om to konfliktlinjer i forholdet mellom den norske majoritetsbefolkninga og den samiske urbefolkninga:
- natur kontra kultur
- modernitet kontra tradisjon
Det er spesielt avisene i Finnmark som dekkjer slike saker. Dei får vanlegvis lita merksemd i riksmedia.
Minoritetar kjem sjeldan sjølv til orde i media. Derfor er dei ekstra sårbare for korleis dei blir omtalte av andre.
Integrerings- og mangfaldsdepartementet (IMDI) si undersøking Innvandring og integrering i norske medium 2017 viste følgjande:
- Personar med innvandrarbakgrunn kom til orde i 2 prosent av alle medieoppslaga (11 988 artiklar) i utvalet i 2017. Dette var likt som i 2009, 2011 og 2014. Mens innvandrardelen i befolkninga steig, var representasjonen i media altså konstant.
- I medieoppslag om innvandrarrelaterte tema (520 artiklar) var personar med innvandrarbakgrunn kjelde i eitt av seks oppslag.
- Når personar med innvandrarbakgrunn blei intervjua, blei det opplyst om den etniske bakgrunnen til personen i éin av fire artiklar.
- Viss vi samanliknar 2017 med 2014, auka delen oppslag med problemperspektiv, mens delen med ressursperspektiv gjekk ned.
Statistikk frå Statistisk sentralbyrå viser at berre fire innvandrarar hadde hovudroller i dei 183 filmane som blei produserte i Noreg i perioden 2013–2018. Seks innvandrarar hadde biroller. Norskfødde med innvandrarforeldre var betre representerte.
NRK er blant dei mediebedriftene som dei siste åra bevisst har valt å gjere noko med dette, både ved å velje nyheitsanker og programleiarar med innvandrarbakgrunn og ved å tilby sentrale roller i TV-seriar til ikkje-etniske nordmenn.
Asylsøkjarar er ei gruppe som har vore spesielt utsett for stigmatisering som følgje av steile frontar i norsk innvandrardebatt. Mange mistenkjer dei for å vere lykkejegerar, kriminelle eller snyltarar på det norske velferdssamfunnet.
Innslaget frå Dagsrevyen som blir omtalt i undervisningsvideoen nedanfor, baserte seg på ein rapport frå Oslo-politiet frå mai 2011: Voldtekt i den globale byen. Rapporten skapte store overskrifter i mange norske aviser, som utan å undersøkje nærare gav asylsøkjarar ansvaret for overfallsvaldtektene i hovudstaden.
Direktøren for UDI, Ida Børresen, åtvara om at slike medieoppslag er med på å stigmatisere alle asylsøkjarar som potensielle valdtektsmenn.
– At flertallet av gjerningspersonene beskrives som ikke-nordiske, betyr ikke at de er asylsøkere. I det hele tatt er det en tendens til å snakke om asylsøkere og kriminelle i samme åndedrett. Det er veldig bekymringsfullt, sier Børresen til VG.
Ei viktig side av samfunnsansvaret til media er å formidle fakta, også når det gjeld forhold som det er ubehageleg å snakke om. Menneske som høyrer til minoritetsgrupper, må tole kritisk søkjelys frå media, på same måte som majoritetsbefolkninga.
Det er likevel mange måtar å formulere ein bodskap på. I avisoverskrifter og introduksjonar til nyheitssendingar på radio og TV er media opptekne av å fange merksemda til mottakarane. Då er det viktig å spisse formuleringane slik at det oppsiktsvekkjande i saka kjem tydeleg fram, og det er freistande å spele på fordommar.
Dei fleste som uttaler seg til media, viser til at saka har fleire sider. Men moderate utsegner er eit dårleg blikkfang. Derfor er det lett for journalisten å utelate modererande informasjon, eller skyve han lenger bakover i nyheitsforteljinga.
Viktige omgrep
- stigmatisering
- problemorientert
- stereotypi
- klisjé
- asylsøkjar
Skogbø, E. (2000). Konflikt eller kuriosa. Researchgate.net. Henta 14. april 2021 frå https://www.researchgate.net/publication/286926545_konflikt_eller_kuriosa_om_representasjon_av_den_samiske_minoriteten_i_majoritetsmedier_i_norge_2000, Utgiver: Researchgate.net
Kvernmo, L.J. (2012). Media fremstiller samer som idioter. nrk.no. Henta 14. januar 2021 frå https://www.nrk.no/sapmi/media-fremstiller-samer-som-idioter-1.8311301
IMDI. (2018). Innvandring og integrering i norske medier 2017. Henta 14. januar 2021 frå https://www.imdi.no/arkiv/arkiverte-publikasjoner/innvandring-og-integrering-i-norske-medier-2017/