Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk representasjon i nettaviser

I denne oppgåva skal du utforske korleis ulike minoritetar er representerte i nyheitsdekninga i norske nettaviser. Du skal øve deg på å bruke dokumentstudiar og innhaldsanalyse som metode.
Avisbunke og forstørringsglas. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Problemstilling

I denne oppgåva skal du finne ut meir om korleis ulike minoritetar er representerte i nyheitsdekninga i norske nettaviser i dag.

Media framstiller ofte minoritetar som heltar, skurkar, offer eller stakkarar. Men dei kan òg framstille dei som heilt vanlege og sjølvstendige individ – akkurat som alle andre.

Når ein journalist utformar ei nyheitssak i ei nettavis, vel han eller ho ein spesiell innfallsvinkel. Ofte blir saka òg spissa for å gjere ho meir interessant for lesaren. Ei vanleg i saker om minoritetar er å fokusere på problem som minoritetar har eller påfører andre. Sakene kan òg handle om noko som nettopp har hendt, eller om skjebnen til enkeltindivid. Det finst òg døme på at journalisten først og fremst har valt å fortelje ei god historie.

Metode

Når du skal utforske ei problemstilling, må du velje ein metode som gir deg moglegheit til å samle inn relevante data om det du ønskjer å finne svaret på. Dokumentstudiar og innhaldsanalyse er ein slik metode.

Dokument kan analyserast både kvalitativt og kvantitativt. Kvantitative analysar av dokument inneber at vi tel ein eigenskap ved dokumenta. Kvalitative analysar handlar om å tolke meiningsinnhaldet i det som blir sagt eller skrive. I denne oppgåva skal du øve deg på å bruke ein slik metode.

I Verktøykassa på NDLA finn du meir informasjon om å utforske ved hjelp av vitskaplege metodar.

Innsamling av data

Jobb saman i grupper på fire elevar.

Fordel følgjande søkjeord mellom dykk:

  • samisk
  • polsk
  • utviklingshem*
  • fattig

Gjennomfør eit Google-søk. Skriv inn stikkordet, vel søkjekategorien Nyheiter, og ta utgangspunkt i dei ti første treffa de får.

Kvar person i gruppa lagar så ei liste over dei ti nyheitssakene som han eller ho fann. Noter tittel, kva saka handlar om, og URL-adressa. Til saman har de no 40 nyheitssaker som omhandlar minoritetsgruppene samar, polakkar, utviklingshemma eller fattige.

Systematisering

Lag deretter ei matrise der de kan kategorisere nyheitssakene. Ho kan sjå om som tabellen nedanfor.

Gå i fellesskap gjennom listene med dei 40 sakene de har funne. Diskuter dykk fram til korleis kvar sak framstiller den minoriteten ho omhandlar, og kryss av for den kategorien de meiner saka høyrer heime i. Til slutt tel de talet på kryss og skriv inn eit tal i kvar kategori.

Vinkling/rolle

helt

skurk

offer

stakkar

sjølvstendig

problem

hending

individsentrert

god historie

anna

Analyse

Studer tala de har lagt inn i matrisa.

  • Kva rolle får minoritetane oftast når dei blir omtalte i nyheitsmedia?
  • Kven blir oftast framstilt som helt? Kven blir oftast framstilt som skurk?
  • Kven blir oftast framstilt som ein stakkar? Kven blir oftast framstilt som sjølvstendig/vanleg?
  • Kva vinkling vel nyheitsmedia oftast?
  • Er det forskjell mellom minoritetsgruppene når det gjeld val av vinkling?

Tolking

Vel fire saker som omhandlar ulike minoritetar. Alle i gruppa les eller lyttar nøye gjennom sakene.

Diskuter korleis måten minoritetar er representerte på i desse sakene, kan forståast ut frå det de elles har funne ut i undersøkinga, og det de tidlegare har lært om dette emnet.

Presentasjon

Samskriv ein rapport der de samanfattar det de har funne ut, og set det i samanheng med det de elles har lært om emnet representasjon i media.

Rapporten skal innehalde følgjande:

  • Presentasjon av problemstillinga.
  • Beskriving av korleis de har jobba metodisk med innsamling, systematisering og analyse av data.
  • Ei drøfting av det de har funne ut, sett i lys av empiri (innsamla data) og teori (fagartiklar om emnet). Ta gjerne med døme som underbyggjer tolkinga.
  • Samanfatning.

Bruk Google Docs eller eit anna samskrivingsverktøy når de utformar rapporten. Del dokumentet med dei andre gruppene i klassen.

Relatert innhald

Tips til korleis du kan bruke ulike typar dokument som empirisk materiale.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 20.01.2021

Læringsressursar

Representasjon i media