Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Diskuter kropp og kjønn i media

Oppgåve A: Kroppsideal og misnøye med eigen kropp

Påstand 1

Media er grunnen til at mange unge, og særleg unge jenter, seier dei er misnøgde med eigen kropp.

Relevante artiklar


Spørsmål til førebuing av diskusjon

  1. Kva for kroppsideal meiner du ein finn i media?
  2. Er det snakk om eitt ideal, eller fleire ulike ideal?
  3. Er det ulike ideal for menn og kvinner?
  4. Er det media som er skuld i at ungdom kjenner på kroppspresset, eller er media berre ein av fleire syndebukkar?
  5. Trur du alle blir like påverka av alt medieinnhald?
  6. Kva tenkjer du om Sunn Fornuft-plakaten som ein del bloggarar har slutta seg til?
  7. Er det bra at det finst ein slik plakat? Kvifor? Kvifor ikkje?
  8. Skriv ned argument for og mot påstanden og køyr diskusjon i klassen.

Oppgåve B: Etnisitet og kjønn i film, TV-seriar og nyheitsmedium

Påstand 2

Media speglar i for lita grad mangfaldet i samfunnet, og det er eit problem at menn er overrepresenterte i media.


Kjønn i film

Skuespillerne Geena Davis og Samuel Davis i filmen Long Kiss Goodnight fra 1996. Filmstill.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Studer oversikta over korleis menn og kvinner får ulik plass og taletid i filmar. Ver merksam på at statistikken kjem frå ei aktivistgruppe og ikkje ein forskingsinstitusjon:

The Reel Truth: Women Aren’t Seen or Heard

  1. Kva seier statistikken om menn og kvinner sin plass i film?
  2. Kva tenkjer du sjølv om statistikken? Vart du overraska?
  3. Studer ein episode av ein av favoritt-TV-seriane dine.


    • Kor mange kvinnelege og kor mange mannlege karakterar finn du?
    • Kven har flest hovudrollefunksjonar, menn eller kvinner?
    • Kven får mest taletid, menn eller kvinner?
    • Kommenter resultatet.
  4. Vel tre av favorittseriane sine. Korleis blir mennene og kvinnene framstilte? Er det for eksempel sterke menn og svake kvinner, eller kanskje omvendt? Er kvinnene smarte og mennene dumme, eller kanskje omvendt? Eller gir serien kanskje ei realistisk og samansett framstilling av både menn og kvinner?

Kjønn i nyheitsmedia

Ingvild Bryn og Jon Gelius etter nyhetssending i NRK-studio. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Les artikkelen og diskuter han med to eller tre andre elevar.

Færre kvinner i norske medier

  1. Kva tenkjer de om denne ubalansen?
  2. Kva kan journalistane gjere for å skape meir kjønnsbalanse?
  3. Burde journalistane gjere noko for å skape meir kjønnsbalanse?
CC BY-SASkrive av Joachim Laberg.
Sist fagleg oppdatert 10.07.2017

Læringsressursar

Representasjon i media